Barelvi
(Omdirigert frå Barelwi)
Barelvi eller barelwi er namnet på ei retning innan sunniislam. Ho har namn etter byen Bareilly i Uttar Pradesh i India, der Ahmad Riza Khan (1857-1921) verka. Barelwi-rørsla har røter i sufisme. Riza Khan tilpassa sufi-praksis til tradisjonell lovtenkjing. Barelwi er den mest utbreidde forma for islam i sør-Asia, og er dominerande blant pakistanske muslimar i Noreg. Enkelte ser barelwi som ei form for «folkereligiøsitet» i motsetning til meir intellektuelt prega retningar, men kor presist dette er er tvilsamt. Central Jama'at-e Ahl-e Sunnat, den største moskéen i Noreg, fylgjer barelwi-retninga.
Litteratur
endre- Kari Vogt - Islam på norsk - Moskeer og islamske organisasjoner i Norge (Oslo, 2000)
Bakgrunnsstoff
endre- Madni forum Arkivert 2018-12-15 ved Wayback Machine.
- Dawat-e-Islami Rise of Islam Arkivert 2017-09-17 ved Wayback Machine.
- Barelvi Islam
- Ahle Sunnat Wal Jamaat
- Yanabi
- Noore Madinah Network Arkivert 2008-05-09 ved Wayback Machine.
- Sunni Port
- Derwish
- Dawat-e Islami
- Raza Academy
- Sunni Razvi Society
- The As-Sunnah Foundation of America
- Faizan-e Attar Arkivert 2006-03-04 ved Wayback Machine.
- Idara-e Tehqiqat-e Imam Ahmad Raza International Karachi (mainly in English)
- YRHost.co.uk - Islamic Web Portal Arkivert 2006-02-06 ved Wayback Machine.