Barnaulka
Barnaulka (russisk Барнаулка) er ei elv i Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Elva spring ut frå Zerkadnojesjøen og har ei lengd på 207 km.
Barnaulka | |||
elv | |||
Barnaulka nær Barnaul
| |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 5 720 km² | ||
Lengd | 207 km | ||
Middelvassføring | 10 m³/s | ||
Kjelde | Zerkadnojesjøen | ||
Munning | Ob | ||
Barnaulka 52°33′21″N 81°57′10″E / 52.555869°N 81.952893°E | |||
Wikimedia Commons: Barnaulka River |
Barnaulka har kjelda si i Zerkadnoje sjøen og i utkanten av Barnaul. Dei fleste sideelvane hennar kjem frå venstre, som Voronikha, Rozjnja, Kolyvan, Pansjikha, Sjtabka, Vlasikha og Sukhoj Log. Heile nedslagsfeltet til elva ligg på Pribskojeplatået.
Den øvre delen av elva renn gjennom ei rekkje innsjøar og eit myrlendt landskap. Dei største innsjøane er Urlapovskoje, Sredneje, Bakhmatovskoje og Pestsjanoje. Alle innsjøane er lange og smale og kan minne om utvida delar av elva.
Etter at elva har tatt imot Pivovarka renn ho ut i ein kunstig innsjø som vart bygd på 1800-talet. Elva frys til tidleg i november og er islagd til tidleg i april. På det meste vert istjukkleiken 0,7-1 m.
Byen Barnaul vart grunnlagd ved munningen til Barnaulka i Ob.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Барнаулка» frå Wikipedia på russisk, den 6. oktober 2008.