Barnaul

by i Russland

Barnaul (russisk Барнау́л) er ein by og administrativt senter i Altaj kraj i Russland. Han ligg ved elva ObDet vestsibirske låglandet, rundt 3000 km aust for Moskva. Byen har om lag 650 000 innbyggjarar. Delar av byer er ZATO, stengd for ålmenn ferdsel fordi 35. strategiske missildivisjon har sitt hovudkvarter der.

Barnaul
Барнаул
Flagget til Barnaul Byåpenet til Barnaul
Flagget til Barnaul Byvåpenet til Barnaul


Plassering
Barnaul is located in Russland
Barnaul is located in Altaj kraj
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Altaj kraj
Grunnlagd
Bystatus
1730
1771
Borgarmeister Vladimir Kolganov
Geografi
Flatevidd
 - By

321 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

647 703
  2 017,8 /km²
Koordinatar 53°20′N 83°46′E / 53.333°N 83.767°E / 53.333; 83.767
Høgd over havet 180 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
OMST (UTC+6)
OMSST (UTC+7)
Diverse annan informasjon
Postnummer 656xxx
Retningsnummer (tlf) +7 3852
Bilnummer 22
Nettstad: www.barnaul.org/

Historie endre

 
Kart over Barnaul frå 1748.

Barnaul er ein av de eldste byane i Sibir. Han vart grunnlagt av den velståande Demidov-familien på 1730-talet og staden vart vald på grunn av nærleiken til dei mineralrike Altajfjella og plasseringa ved ei stor elv, Ob. I tillegg til kopar, som opphavleg trekte til seg Demidovane, så vart det snart òg funne store sølvreservar. I 1747 vart Demidov-fabrikkane overtatt av den russiske staten og det vart snart det største sølv-senteret i Russland.

På 1700- og 1800-talet vart 90 % av alt russisk sølv produsert i Altaj-regionen. I Barnaul låg det største sølv-smelteverket og innbyggjartalet i byen auka etter kvart som produksjonen ekspanderte. I 1771 fekk Barnaul byrettar og var ein av dei største byene i Sibir på denne tida.

Innan 1900-talet hadde Barnaul vokse til eit stort senter for handel og kultur i regionen, spesielt etter bygginga av Turkestan–Sibir-jernbanen.

Under den andre verdskrigen vart mange industriverksemder flytta frå Ukraina og vestlege delar av Russland til Sibir, mellom anna til Barnaul, for å sleppa unna den tyske invasjonen. Som ei arv frå denne tida har Barnaul enno i dag ein av dei største ammunisjonsfabrikkane i Russland.

Økonomi endre

Barnaul er eit viktig industrielt senter i Sibir. Det er over 100 industriverksemder i byen, med 120 000 tilsette. Av produkta som vert produsert finn ein diesel, utstyr og verktøy til metallindustri, dampkjeler, dekk, teknisk karbon, boreriggar og -maskinar, møblar, fottøy og slipte diamantar.

Den viktigaste handlegata i byen er Lenin-avenyen.

 
Hovudgata i Barnaul sett frå den nye brua over Ob.

Transport endre

Barnaul er knytt til resten av Russland med flyruter, jernbanar, vegar og elvebåtar. Byen ligg rundt 200 km sør for Novosibirsk, den største byen i Sibir og den tredje største i Russland. Barnaul er eit knutepunkt for jernbanelinjene frå Novosibirsk til Almaty og Bijsk. Det er òg hyppige bussamband til de dei nærliggande byane Bijsk og Gorno-Altajsk. Det tar rundt fire timar med bil å nå Altajfjella i sør.

Barnaul lufthamn ligg rundt en time frå bysenteret og har daglege ruter til Moskva og St. Petersburg og òg mange mere lokale ruter. Det er òg ruter til Vladivostok ved Stillehavet.

Alle delar av Barnaul er knytt til byen sitt nettverk av kollektivtransport, som omfattar busser, trolleybussar og drosjar.

Utdanning og kultur endre

Barnaul er kjent som eit vitskapeleg senter i Sibir. Byen har fem universitet, mellom anna Ivan Polzunov Altaj statlege tekniske universitet, Barnaul statlege pedagogiske universitet, Altaj statlege medisinske universitet og Altaj statlege universitet.

Byen har òg 35 bibliotek, fem teater og tre museum. Det lokalhistoriske museet i byen vart grunnlagd i 1823 og er eit av dei eldste musea i Sibir, med utstillingar av lokale kunstnarar og unike gjenstandar frå Altaj-regionen.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barnaul