Barnekrosstoget
Barnekrosstoget i 1212 er eit omstridt tema; det er uklårt om det skal definerast som eit eigentleg krosstog, og om det i det heile fann stad. Det blir fortalt at eit utbrot av folkeleg entusiasme i Frankrike og Tyskland førte til at ei stor mengd med born samla seg for å ta tilbake Det heilage landet. Pave Innocens III skal ha tolka dette som eit teikn ifrå himmelen på at dei eldre krossfarane var uverdige. Ingen av borna nådde Det heilage landet; dei ble selde som slavar eller svalt ihjel undervegs gjennom Anatolia.
Folkekrosstoget · Første · Andre · Tredje · Liviske · Tyske · Fjerde · Albigenesiske · Barnekrosstoget · Femte · Prøyssiske · Sjette · Sjuande · Gjetarkrosstoget · Åttande · Niande · Aragonesiske · Alexandria · Nikopolis · Nordlege · Hussitiske · Varna · Otranto · Dei osmansk-ungarske krigane · Osman-Habsburg · Lepanto · Wien |
Nyare forsking tyder på at desse «borna» heller var fattigfolk og/eller andre rotlause, men vi har ikkje sikker kunnskap om kva som fann stad.
I litteratur
endreDet har vorte hevda at eventyret om Rottefangaren frå Hameln skal vera eit forsøk på å omskriva det tapet av born som barnekrosstoget førte med seg. Tor Åge Bringsværd skriv om dette i romanen Gobi – Barndommens Måne.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Barnekorstoget» frå Wikipedia på bokmål, den 22. mai 2014.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |