Det tredje krosstoget

Det tredje krosstoget var eit forsøk frå det kristne Europa på å gjenerobra Det heilage landet frå Saladin. Krosstoget byrja i 1189, og enda med ei fredsavtale i 1192.

Det tredje krosstoget
Del av Krosstoga

Slaget ved Acre
Dato 11. mai 1189–2. september 1192
Stad Hovudsakleg Levanten og Anatolia
Resultat Jaffa-traktaten
  • Militær siger for krossfararane som førte til ei treårig våpenkvile
  • Anerkjenning av den territoriale status quo då kampanjen enda, inkludert fortsett muslimsk kontroll av Jerusalem og gjenopprettinga av krossfararstane i Levanten
  • Kristne og muslimske pilegrimar fekk garantert tryggleik i heile Levanten
Krosstog

Frå 1169 styrte Saladin Egypt, og hadde sett seg som mål å driva dei kristne herskarane vekk frå det austlege middelhavsområdet. Etter å ha teke Syria kunne han omringa krossfararstatane, og 4. juli 1187 sigra han i slaget ved Hattin. Den 2. oktober kapitulerte Jerusalem, og dermed var det berre Antiokia, Tripoli, Tyr og Margat som var under kristen kontroll.

Pave Gregor VIII vende seg til kongane av England og Frankrike og bad om hjelp til å ta tilbake dei tapte områda. Henrik II av England og Filip II av Frankrike slutta fred med kvarandre, og begge påla undersåttane sine «Saladin-tiande», ein skatt som skulle finansiera eit nytt krosstog. Men krigen mellom dei to landa braut snart ut igjen, og i tillegg byrja sonen til Henrik, Rikard, eit opprør mot far sin.

Fredrik Barbarossa svara òg på oppropet til paven, og tok løftet om å dra på krossferd 27. mars 1188. Han sette ut i 1189 med den første gruppa krossfarerar. Den bysantinske keisaren, Isak II Angelus, hadde inngått ein løynleg avtale med Saladin, og utgjorde difor ein fare for Fredrik. Dei tyske krossfararane drog gjennom Det bysantinske riket så raskt dei kunne, og 18. mai 1189 tok dei Iconium, hovudstaden til seldsjukkane. 10. juni 1190 fekk den tyske delen av krosstoget ein brå slutt då Fredrik drukna i elva Saleph. Sjølv om hæren hans var større enn den til Saladin stod han utan ein samlande leiar, og byrja raskt å bryta saman. Dei som vart igjen blei slått av styrkane til Saladin då dei kom fram til Syria.

Rikard og Filip på si side reiste sjøvegen, kvar for seg, i 1191. Rikard stoppa på Kypros, der han blei fornærma av den uavhengige bysantinske herskaren. Innan utgangen av mai hadde han erobra heile øya. Han selde henne så til Guy av Lusignan, som var nominell konge av Jerusalem.

I mellomtida hadde Filip kome til Tyr, der han fann ein alliert i Konrad av Montferrat. Konrad gjorde krav på trona i Jerusalem, og ynskte difor å vera den som tok tilbake byen. Dei kringsette Acre i april 1191, med støtte frå restane av styrkane til Fredrik. Rikard kom etterkvart fram og tok kommandoen. Eit forsøk på å bryta kringsetjinga mislukkast, og krossfararane tok byen 12. juli. Dermed braut det ut ein maktkamp mellom dei tre kristne leiarane; Rikard, Filip og Leopold V av Austerrike som kommanderte tyskarane. Leopold ville reknast som likeverdig som dei to andre, men Rikard fjerna banneret hans frå byen. Filip blei frustrert, og forlét Det heilage landet i august 1191.

22. august 1191 avretta Richard 3000 muslimske fange i Akko fordi han meinte at Saladin ikkje overhelte kapitulasjonsbetingelsane. Han valde så å ta havnebyen Jaffa, som han trong for å kunna angripa Jerusalem. Undervegs vart han angripen av Saladin ved Arsuf i september; Rikard vann ein solid siger.

I januar 1192 var Rikard klar til å gå mot Jerusalem, men Saladin hadde i mellomtida fått forsterkninger og forskansa byen. Richard kom innan synsvidde av Jerusalem to gonger, men begge gonger snudde han fordi styrkane til Saladin var for store. Han klarte endå å slå tilbake eit angrep frå store styrkar mot Jaffa den 31. juli.

2. september 1192 inngjekk Saladin og Richard ein avtale som medførte at Jerusalem enno ville vera under muslimsk kontroll, medan kristne pilegrimmar likevel ville få vitja byen. Mot slutten av månaden forlét Richard Det heilage landet. Dette markerer slutten på det tredje korstoget.

Tyskarane som blei verande i Det heilage landet etter krosstoget utgjorde kjernen i det som blei til Den tyske ordenen.

At krossfararane mislukkast i å ta Jerusalem førte til at det kom eit opprop om eit fjerde krosstog seks år seinare.

Dei viktigaste kronikørane for det tredje krosstoget var Ambrosius poeten og Giraldus Cambrensis. Ei dansk/norsk skildring frå krosstoget er Historia om ferda til danane til Jerusalem, ca. 1200.

Kjelder endre