Barney & Friends er ein amerikansk fjernsynsserie for barn. Hovudpersonane er Barney, ein antropomorf lilla Tyrannosaurus rex,[1] og dinosaurvenene hans. Dei blir òg vitja av menneske, både barn og vaksne kjendisar. Barney blei til som ein serie videoar i 1987, og blei frå 1992 produsert og send av PBS. Barney blei raskt populær, og hadde etter ein sesong rundt 5 millionar sjåarar, nesten like mange som rivalen Sesame Street. Bøker og leiketøy frå serien blei lanserte og gjorde det godt.[2] Serien fekk også kritikk.[3]

Barney & Friends

Typefjernsynsserie
Sjangerbarnemusikk
OpphavslandUSA
Sesongar13, 30
Episodar268
Lengd30 minutt
Språkengelsk
SkaparSheryl Leach
KanalPublic Broadcasting Service

Kjelder endre

  1. Michael Riley Atlanta (21. desember 1992). «Stuuuupendous!». Time. Henta 30. mai 2011. 
  2. Daniel Cerone (3. april 1993). «Barney, the Elvis for Toddlers : Dinosaur Is a Star, Spreading Love With Hugs, Kisses, Songs». Los Angeles Times. Henta 30. mai 2011. 
  3. «Advertising; Barney's Image Gets Makeover For New Crop Of Toddlers». The New York Times. 12. august 2002. Henta 30. mai 2011. 

Bakgrunnsstoff endre