Barokkgitaren er ein gitar frå barokktida (ca 1600-1750) og er ein forløpar for den moderne klassiske gitaren. Nemninga blir òg brukt om moderne instrument som blir bygd etter same modell.

'Gitarspeleren'. Måleri av Johannes Vermeer frå rundt 1672.

Instrumentet var mindre enn ein moderne gitar, var av ein lettare konstruksjon og hadde tarmstrenger. Tverrbanda på gripebrettet var vanlegvis òg laga av tarm og vart bunde på halsen. Eit typisk instrument hadde fem strengekor kor fire eller fem bestod av eit sett dobbeltstrenger slik at mengda enkeltstrenger var ni eller ti.

Om utviklinga frå femskors barokkgitar til moderne seksstrengs gitar, sjå mandora.

Stemming endre

Komponist Stemming
Gaspar Sanz (Spania)  
Robert de Visée (Frankrike) [1]  
Girolamo Montesardo (Italia) [2]  

Repertoar endre

Kjelder endre

  1. Visée skriv at det var nødvendig å stemme den fjerde strengen i ein oktav: « ...il ne faut pas oublier une octave à la quatrième corde, elle y est très nécessaire», Robert de Visée, Livre de guitare dédié au roy
  2. L'accord de Montesardo par Lex Eisenhardt