Barry Island (walisisk Ynys y Barri) er ei halvøy som er ein del av byen Barry i Vale of Glamorgan i Wales.

Strand på Barry Island

Området er i dag ei halvøy, men var fram til 1880-åra ei øy. Då byen voks etter at han vart utskipingshamn for kol, vart det smale sundet fylt opp, og byen voks utover halvøya.

Barry Island er spesielt kjent for underhaldningsparken sin og ei fin strand som er populær blant dei mange turistane som kjem til Barry.

Kjelder endre