1880-åra
tiår
1880-åra var det nest siste tiåret av 1800-talet. Dei byrja 1. januar 1880 og enda 31. desember 1889.
Den andre industrielle revolusjonen hadde hovudperioden sin i dette tiåret. Den moderne byen voks fram på denne tida, med innføringa av skyskraparar og bensinbilar.
Verda
endre- Den nye imperialismen og kappløpet om Afrika
- Frankrike gjorde det første forsøket på å grava ut Panamakanalen.
- Transvaalkrigen
- Vulkanen Krakatoa i Indonesia hadde eit voldsamt utbrot som drap 36 000 og skapte ei stor flodbølgje.
Noreg
endre- Naturalismen prega kulturlivet.
- Norsk skriftspråk blei noko endra frå dansk og i retning av norsk talemål. Landsmål blei likestilt med «det almindelige skrift- og bogsprog» (riksmål).
Vitskap og teknologi
endre- Elektrisk lys blei utvikla for kommersiell bruk.
- Oppfinninga og utviklinga av bensinbilen.
- Sal av grammofonar og grammofonplater tok til.
- Ein bygde dei første skyskraparane.
- Heinrich Hertz oppdaga den fotoelektriske effekten.
Personar
endre- Keisar Franz Josef av Austerrike
- Keisar Guangxu av Kina
- Keisar Wilhelm I av Tyskland
- Keisar Wilhelm II av Tyskland
- Kanslar Otto von Bismarck av det tyske riket
- Kong Umberto I av Italia
- Pave Leo XIII
- Keisar Meiji av Japan
- Keisar Aleksander II av Russland
- Kong Alfonso XII av Spania
- Dronning, seinare keisarinne Victoria av Storbritannia
- Statsminister William Ewart Gladstone av Storbritannia
- President Rutherford B. Hayes av USA
- President Chester A. Arthur av USA
- President Grover Cleveland av USA
- Sjah Nasser-al-Din av Persia