Opna hovudmenyen

Bartın er ein by i nordlege Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bartın. Byen har kring 50 000 innbyggjarar, 14 km frå kysten av Svartehavet opp Bartın Çayı, som er farbar opp til byen. Bartın-elva er den einaste farbare elva i Tyrkia for havgåande skip.

Bartın
by
Bartınelva
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Bartın
Koordinatar 41°38′04″N 32°20′15″E
Folketal 47 999 (2008)
Borgarmeister Cemal Akın
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 74000
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bartın
Nettstad: http://www.bartin.bel.tr

I antikken heitte byen Parthenios og historia går attende til 1200 fvt., då han var busett av Gasgas-folket.

KlimaEndra

Bartın har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb) med nedbør jamt fordelt over heile året. Somrane er varme og fuktige, og normaltemperaturen er kring 21°C i juli og august. Vintrane er kjølige og fuktige, og normaltemperaturen er kring 6 °C i januar og februar.

Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8° og 20°C gjennom året.

Klimadata for Bartın
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 9.0 10.0 13.0 17.7 22.0 25.9 28.0 28.2 24.7 20.3 15.5 10.9 18 77
Normal min. temp. °C 0.4 0.4 2.3 5.9 9.6 13.3 15.6 15.6 12.1 8.9 4.4 2.0 0,4
Nedbør (mm) 109.0 81.7 73.3 54.8 48.1 72.8 68.5 81.3 94.4 111.4 112.9 126.2

Normal mengd regndagar 16.4 14.7 13.9 12.1 10.2 8.9 7.4 6.7 9.0 12.1 13.1 16.9 141,4
Normale månadlege solskinstimar 65.1 84 127.1 171 229.4 270 300.7 285.2 219 161.2 102 68.2 2 082,9
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [1]

KjelderEndra

  1. «Bartın». Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü. Henta 17 mars 2011.