Bas-Vully
Bas-Vully er ein kommunar i distriktet Lac i kantonen Fribourg i Sveits. Han har 1 963 innbyggjarar (2010) og eit areal på 10 km². Kommunesenteret ligg 433 meter over havet.
Bas-Vully | |||
---|---|---|---|
Praz | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Fribourg | ||
Distrikt | Lac | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
9,95 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
1 963 197,3 /km² | ||
Koordinatar | 46°58′0″N 7°7′0″E / 46.96667°N 7.11667°E | ||
Høgd over havet | 433 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 1786 Sugiez 1788 Praz | ||
Nettstad: www.bas-vully.ch |
Kommunen ligg ved foten av Vully. Han består av grendene Praz, Nant, Sugiez og den fråflytta busetnaden Chaumont. Bas-Vully ligg 3,5 km nord for Murten. Dei tre landsbyane Suigez, Nant og Praz har no vokse saman. Kommunen strekkjer seg frå nordsida av Murtensjøen til foten av Vully. Broyekanalen, som går frå Murtensjøen til Neuchâtelsjøen, går gjennom byen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bas-Vully» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (fransk)
- Bas-Vully på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.