Moratsjøen
Moratsjøen, (fransk: Lac de Morat, tysk: Murtensee), er ein innsjø i det vestlege Sveits. Han ligg i og mellom kantonane Fribourg og Vaud. Fribourg omkrinsar nordaustdelen av innsjøen, Vaud den sørvestlege delen. Han er den minste av tre innsjøar i Seeland-området ved foten av Jurafjella.
Moratsjøen | |||
Lac de Morat Murtensee | |||
innsjø | |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Broye | ||
Utløp | Broye-kanalen | ||
Nedslagsfelt | 693 km² km² | ||
Opphaldstid | 1,6 år | ||
Høgd over havet | 429 moh. | ||
Lengd | 8,2 km | ||
Breidd | 2,8 km | ||
Areal | 22,8 km² | ||
Største djupn | 45 m | ||
Volum | 0,55 km³ | ||
Koordinatar | 46°56′N 7°5′E / 46.933°N 7.083°E | ||
Øyar | La Grande Ile (holme) | ||
Byar | Murten | ||
Moratsjøen 46°56′00″N 7°04′30″E / 46.933333333333°N 7.075°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Murten |
Moratsjøen har eit areal på 22,8 km². Han er 8,2 kilometer lang og 2,8 km på det breiaste. Innsjøen ligg 429 meter over havet, og er på det djupaste 45 meter. Elva Broye er hovudvasskjelda til innsjøen, medan Broyekanalen er avlaup til den nærliggande Neuchâtelsjøen, som ligg på same nivå. Neuchâtelsjøen er i sin tur knytt til Bielsjøen gjennom ein annan kanal. Slik fungerer dei tre innsjøane som flaumreservoar i høve til den store elva Aare, som renn ut i Bielsjøen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Murten» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2011.