Lac (fransk, tysk See) er eitt av sju distrikt i kantonen Fribourg i Sveits. Distriktet har eit areal på 142,1 km² og hadde 39 211 innbyggarar i 2010. Lac ligg lengst nord i kantonen og grensar både i nord og i aust mot kantonen Bern.

Lac
District du Lac
distrikt
Land  Sveits
Kanton kantonen Fribourg
Hovudstad Murten
Areal 142,1 km²
Folketal 32 911  (2010)
Kommunar 26
Kart
Lac
46°54′36″N 7°08′27″E / 46.91°N 7.1408333333333°E / 46.91; 7.1408333333333
Wikimedia Commons: See/Lac (district)

Lac omfattar 26 kommunar. Hovudstaden Murten er den einaste kommunen med meir enn 5 000 innbyggarar. Andre kommunar i distriktet er Barberêche, Bas-Vully, Büchslen, Courgevaux, Courlevon, Courtepin, Cressier, Fräschels, Galmiz, Gempenach, Greng, Gurmels, Haut-Vully, Jeuss, Kerzers, Kleinbösingen, Lurtigen, Meyriez, Misery-Courtion, Muntelier, Ried bei Kerzers, Salvenach, Ulmiz, Villarepos og Wallenried.

Både tysk og fransk er offisielle språk i distriktet.

Kjelder

endre