Basilikacisterna (tyrkisk Yerebatan Sarayı - «Det søkkte palasset», eller Yerebatan Sarnıcı - «Den søkkte cisterna»), er den største av fleire hundre cisterner frå antikken, som ligg under byen Istanbul (tidlegare Konstantinopel) i Tyrkia. Cisternen ligg 150 meter sørvest for Hagia Sofia på den historiske halvøya Sarayburnu, og vart bygd på 500-talet under regjeringstida til keisar Justinian I av Austromarriket.[1]

Basilikacisternen

Cisterna er om lag like stor som ein katedral og er eit underjordisk kammer som er kring 138 meter langt og 65 meter breitt.[2] - Det er kring 9800 kvadratmeter stort og kan helde 80 000 kubikkmeter vatn. Taket vert heldt oppe av 336 marmorsøyler, kvar 9 meter høge. To av søylene har eit Medusahovud skjert inn i seg.

Cisterna vart filma i James Bond-filmen From Russia with Love frå 1963.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 30. august 2010, henta 16. august 2012 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. desember 2010, henta 16. august 2012 

41°0′29″N 28°58′40″E / 41.00806°N 28.97778°E / 41.00806; 28.97778