Bass-sundet

(Omdirigert frå Bassundet)

Bass-sundet (bokmål også Bass-stredet, engelsk Bass Strait) er sundet som skil Australia og Tasmania.[1] Det har namn etter George Bass som oppdaga det for europearane i 1797.

Bass-sundet
sund
Land  Australia
Kart
Bass-sundet
40°S 146°E / 40°S 146°E / -40; 146
Wikimedia Commons: Bass Strait

Bass-sundet bind saman Tasmanhavet i Stillehavet og Australbukta i Indiahavet. Det er 340 kilometer langt og 200 kilometer breitt. Det er 88 meter på sitt djupaste. Det ligg fleire øyer i sundet, som Flinders Island og King Island.[2]

Kjelder

endre
  1. «Utanlandske stadnamn: A–Å», Språkrådet, henta 4. mai 2021 
  2. «Bass-sundet». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 12. april 2021.