Tasmanhavet
Tasmanhavet er det vide havområdet som ligg mellom Australia og New Zealand, om lag 2000 kilometer (1250 miles) vidt. Det er ein sørvestleg del av det sørlege Stillehavet. Havområdet har fått namn etter den nederlandske oppdagaren Abel Tasman, den første europearen som oppdaga New Zealand og Tasmania. Den britiske oppdagaren, kaptein James Cook, gjorde seinare omfattande utforsking av Tasmanhavet i 1770-åra, under den første oppdagingsferda si.
Den internasjonale hydrografiske organisasjonen (International Hydrographic Organisation) har avgrensa Tasmanhavet til å omfatta havområda aust for dei australske statane New South Wales, Victoria og Tasmania. Den nordlege staten, Queensland, grensar mot Korallhavet, og grensa mellom New South Wales og Queensland vert også nytta som grense mellom desse to havområda.
Tasmanhavet inneheld ei rekkje øygrupper langt unna kystområda til Australia og New Zealand:
- Lord Howe Island med nærliggjande øyer
- Ball's Pyramid
- Norfolk Island, heilt nord i Tasmanhavet, på grensa til Korallhavet
Desse øygruppene er alle australske landområde.