Øygruppa Batalden

(Omdirigert frå Batalden)

61°38′39.592″N 4°47′15.490″E / 61.64433111°N 4.78763611°E / 61.64433111; 4.78763611

Store-Batalden

Batalden er ei øygruppe i Kinn kommune i Sunnfjord. Tidlegare var 25 av dei 30 øyane busette. No bur det folk på 4 øyar. Dei fleste bur på Fanøya. Her finn ein Batalden bedehuskapell, Batalden skule og Fanøy handel.

På øya som òg heiter Batalden, eller Store-Batalden, med eit fastbuande menneske, finn ein det vestlegaste kunstgalleriet i Noreg. Store-Batalden er høgaste øya i Batalden, med 495 m.o.h.

Folketalsutvikling for øygruppa Batalden

1801[1] 1900[2] 2000[3] 2023[3]
44 207 102 59

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  1. Folketeljing 1801 for Kinn prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Kinn herred, frå Digitalarkivet
  3. 3,0 3,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå