Batalden bedehuskapell

Batalden bedehuskapell står på Fanøya i øygruppa Batalden i Kinn kommune i Vestland, og er eit ombygd bedehus frå 1907.

Batalden bedehuskapell
kapell
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kinn
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Kinn
Fellesråd Kinn
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 26. februar 1911
Sitjeplassar 100
Kart
Batalden bedehuskapell
61°37′14″N 4°49′11″E / 61.6206°N 4.81972°E / 61.6206; 4.81972
Batalden bedehuskapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Batalden bedehuskapell

Bedehuset vart bygd for fiskarane som var ute på øyane om vintrane i samband med dei store sildefiskeria. Då Kinn kyrkje skulle restaurerast vart det søkt om å bruke bedehuset som kyrkje i mellomtida, dette vart innvilga og bedehuset vart vigsla som kapell 26. februar 1911. Kapellet har vorte påbygd og oppussa mange gonger, tårnet kom til i 1951.[1]

Batalden bedehuskapell ligg i Kinn sokn i Sunnfjord prosti. Fram til avviklinga av prestegjelda frå 2004 låg ho i Kinn prestegjeld.

Sjå òg

endre

Fotnotar

endre
  1. Djupedal, Torkjell; Vengen, Sigurd; Gjerde, Anders. «Batalden bedehuskapell». Kulturhistorisk leksikon. Fylkesarkivet i Vestland. Henta 26. februar 2021. 

Bakgrunnsstoff

endre