Beacon Hill i Dorset
50°45′07″N 2°02′20″W / 50.752°N 2.039°W
Beacon Hill | |||
fjell | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Topp | Dorset, England | ||
Høgd | 84 m | ||
Beacon Hill i Dorset 50°45′07″N 2°02′20″W / 50.752°N 2.039°W |
Beacon Hill er eit av dei høgaste utkikkspunkta i innlandet bak Poole Harbour i Dorset. Tidlegare var det ei av ei rekkje vardar som vart nytta til å åtvare om åtak utanfrå. Det tidlegare namnet på åsen var Lytchett Beacon.
Åsen har spela ei rolle i forsvaret av Dorset sidan 1300-talet eller tidlegare. Han hadde tidlegare namnet Lechiot Beacon[1] eller Lychett Beacon etter landsbyen Lytchett Minster som ligg sørvest for åsen. «Beacon» tyder 'varde'. Åsen hadde ein slik varde som kunne tennast ved åtak. I 1588 blei varden tent for å varsla om at den spanske armadaen var på veg. Under Napoleonskrigane blei varden bemanna att i tilfelle franske styrkar invaderte.[2]
Kjelder
endre- ↑ På eit kart frå 1610 av Dorset
- ↑ An Account of the Role of Lytchett Beacon in Dorset’s Defences, Stanley Judd & Kim Parker. Henta 1. desember 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Beacon Hill, Dorset» frå Wikipedia på engelsk, den 27. november 2016.