Opna hovudmenyen
Plasseringa til Frans Josefs land

Beckerøya (russisk Остров Беккера eller Ostrov Bekkera) er ei øy i Frans Josefs land i Russland.

Beckerøya er lang og smal og har ei lengd på 14 km frå aust til vest. I snitt er ho 3 km brei. Beckerøya ligg like sør for Rainerøya.

Den austlege halvdelen av øya er isfri. Det høgaste punktet er 165 meter over havet, ikkje langt frå det austlegaste neset kalla Mys Galkovskogo.

Beckerøya er kalla opp etter den tyske sivilingeniøren og entomologen Theodor Becker (1840 - 1928). Becker skreiv om insekt i Nord-Sibir under den russiske polarekspedisjonen til baron Eduard von Toll i 1900-1903.

Sjå ògEndra

KjelderEndra