Frans Josefs land

Koordinatar: 80°34′N 54°47′E

Frans Josefs land (russisk Земля Франца-Иосифа, Zemlja Frantsa-Iosifa) er ei øygruppe heilt nord i Russland. Ho ligg heilt nord i Barentshavet i Nordishavet, nord for Novaja Zemlja og aust for Svalbard, og vert administrert av Arkhangelsk oblast. Frans Josefs land består av 191 isdekte øyar med eit areal på totalt 16 134 km² og er stort sett ikkje busette.

Frans Josefs land
øygruppe
Land  Russland
Areal 16 134 km²
Folketal 0
Kart
Frans Josefs land
80°34′0″ N 54°46′0″ E
Wikimedia Commons: Franz Joseph Land
Plasseringa til Frans Josefs land.
Heiss-øya i Frans Josefs land.
Kvalrossar i Frans Josefs land.

Dei ligg på breiddegrader mellom 80,0° og 81,9° nord, og er den nordlegaste øygruppa i Eurasia. Det nordlegaste punktet er Kapp FligelyRudolføya. Øygruppa er berre 900 til 1100 km frå Nordpolen, nærare enn all anna landmasse bortsett frå Ellesmereøya i Canada og Grønland.

Øygruppa vart kanskje først oppdaga av den norske selfangarane Nils Fredrik Rønnbeck og Aidijärvi om bord på skonnerten «Spidsbergen» i 1865, som i følgje eit fåtal rapportar segla austover frå Svalbard til dei nådde nytt land, som dei kalla Nordøst-Spitsbergen (Spitsbergen var det dåverande namnet på heile Svalbard). Det er ikkje kjend om dei gjekk i land, og dei nye øyane gjekk raskt i gløymeboka.

Øyane vart offisielt oppdaga i 1873 av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen leia av polfararane Payer og Weyprecht. dei kalla øygruppa opp etter den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I. Sidan ekspedisjonen berre var privat dekt og ikkje offisiell, vart desse øyane aldri ein del av Austerrike.

I 1926 tok Sovjetunionen over øyane og eit par personar vart busett her for forsking- og militærføremål. Det er berre mogeleg å vitje øyane med skip om sommaren og dette krev spesialløyve.

Kjenneteikn endre

Øygruppa er vulkansk og består av basalt frå tertiær og juratida, og dei er stort sett dekte av is. Enkelte område er isfrie og her veks det mose og lav. Den nordaustlege delen av øygruppa er omgjeve av pakkis året rundt, men isen trekkjer seg stundom bort frå dei sørlegaste øyane seint på sommaren.

Det nordlegaste punktet i øygruppa, og i heile Asia, er Kapp Fligely på Rudolføya. Det ligg så langt nord som 81°52'N. Den største øya er Zemlja Georga (Georges land) som er 110 km lang. Det høgaste punktet i øygruppa er på Ostrov Viner-Nejsjtadt (Wiener Neustadt-øya) som har ei høgd på 620 meter over havet.

Basaltane på Frans Josefs land er ein del av det høgarktiske store vulkanområdet. Dei sentrale store øyane i midten av øygruppa dannar ei kompakt gruppe kalla Zitsjy Land, der det berre er smale sund mellom øyane som stort sett er islagde året rundt.

Vêr endre

 
Isfjell og fugl i Frans Josefs land.

I januar er varierer temperaturen gjennom døgnet om vinteren vanlegvis mellom -15 °C og -10,5 °C. I juli varierer temperaturen normale mellom 0 °C på det kaldaste og 2,2 °C på det varmaste. Den årlege middeltemperaturen er −12,8 °C. Siste 30 år er den høgaste temperaturen som er målt 13 °C og den lågaste −54 °C. Nedbør kan ein få året rundt, men er mest vanleg tidleg på våren og tidleg på hausten. Tåke er særs vanleg seint på sommaren.

Dyreliv endre

Dyrelivet består stort sett av kvalross, polarrev og isbjørn. Vanlege fuglar er krykkje, havhest og måse. Kvitkval held til i farvatnet rundt. Ein har funne gevir frå reinsdyr på Hookerøya, som tyder på at det kan ha vore flokkar her for om lag 1300 år sidan, då det var varmare klima.

 
Kart over Frans Josefs land.

Øyar endre

 
Hall-øya
 
Northbrookøya
 
Wiener Neustadt-øya

Den følgjande lista skildrar nokre av dei viktigaste øyane i Frans Josefs land og kvifor dei er viktige. [1]

Andre øyar endre

 
Satellittbilde av Champ-øya, Salisbury-øya, Zieger-øya, Greely-øya og Wiener Neustadt-øya.
 
Bell-øya sett frå Mabel-øya.

Namna på øyane endre

Ikkje mange av øyane i Frans Josefs land har russiske namn. Dei fleste har tyske, britiske, amerikanske, italienske og i eitt tilfelle norsk namn. Dei fleste av øyane vart namngjeve i 1874 under Weyprecht-Payer-ekspedisjonen, som gav dei namn til ære for den austerriksk-ungarske adelen og aristokratiet, i tillegg til namn på dei som støtta ekspedisjonen deira økonomisk. I motsetnad til resten av Russland der slike namn vart gjeve på nytt, vart aristokratinamna i Frans Josefs land vorte bevart i sovjettida. Det norske namnet Hvidtenland (russisk Belaja Zemlja) vart gjeve i 1893 under Fridtjof Nansen sin ekspedisjon. Seinare viste det seg at det Nansen trudde var ei øy faktisk var tre øyar.

  • I 1895 gav Fredrick G. Jackson-ekspedisjonen namn til nokre av øyane etter britiske polforskarar og etter personar frå Royal Geographical Society, som støtta ekspedisjonen økonomisk.
  • I 1901 kalla Baldwin-Ziegler si nordpolekspedisjonen opp enkelte av øyane etter amerikanske vitskapsmenn og utforskarar, stundom til øyar som alt hadde namn, som La Ronciere-øya, som dei kalla Whitney Island.
  • Til slutt vart eit par av øyane under Luigi Amadeo, hertug av Abruzzi sin italienske polekspedisjon, gjeve namn i 1905, som Pontremoliøyane.

Historie endre

 
'Bjørnejakt i Frans Josefs land' måla av Julius von Payer.
 
Norsk leir på Kapp Brøgger i 1890-åra.

Den første anerkjende utforskinga av øygruppa fann stad i 1873 av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen og utforskarane Karl Weyprecht og Julius von Payer, medan skipet deira låg fast i isen medan dei prøvde å finne Nordaustpassasjen. Etter å ha utforska dei sørlege øyane, vart dei gjeve namn etter den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef I av Austerrike. Nordmennene Fridtjof Nansen og Hjalmar Johansen reiste gjennomøygruppa i 1895/96 etter eit mislukka forsøk på å nå polen. Heilt tilfeldig møtte dei den britiske utforskaren Frederick George Jackson ved Northbrookøya i 1896.

I 1914 klarte den russiske sjøfararen Valerian Albanov og ein mann frå mannskapet hans, Aleksander Konrad, som dei einaste overlevande etter den mislukka Brusilovekspedisjonen å nå Kapp FloraNorthbrookøya, der dei visste at Frederick George Jackson hadde lagt igjen forsyningar og hadde bygd ei hytte under ein tidlegare ekspedisjon. Albanov og Konrad vart redda i tide av Georgij Sedov sitt skip «St. Foka», medan den gjorde seg klar for vinteren. Soga deira vart gjeve ut av Albanov i In the Land of White Death.

Då større dampdrivne fartøy vart innført vart mange selfangarekspedisjonar lagt til øyane frå slutten av 1800-talet. Meir enn 80 % av desse kom frå Noreg. Seint i 1920-åra gjorde både Sovjetunionen og Noreg krav på øyane. Noreg kalla øyane «Fridtjof Nansens land». Sovjetunionen kravde ein sektor i Nordishavet som inkluderte Frans Josefs land og Viktoriaøya i ein resolusjon 15. april 1926. Noreg vart varsla 6. mai og sende ut ein offisiell protest 19. desember.

Dei neste åra prøvde norske styresmakter å få tilbake øyane. I 1929 sponsa konsul Lars Christensen frå Sandefjord, ein kvalfangarredar som hadde sponsa ekspedisjonane som annekterte Bouvetøya og Peter I øy i Antarktis, dei to fartøya S/S «Torsnes» og M/C «Hvalrossen». Då dei for frå Tromsø fekk mannskapet detaljerte instruksjonar om å reise ein telegrafstasjon og etterlate mannskap for å overvinter på Frans Josefs land, og for å krevje Viktoriaøya på vegne av Christensen. Målet var å oppnå lovleg fotfeste i delar av øygruppa før sovjetarane. Ekspedisjonen kom aldri til Frans Josefs land på grunn av mykje is, og medan dei venta på betre tilhøve vart dei forbigått av den sovjetiske isbrytaren Georgij Sedov.

29. juli 1929 heva professor Schmidt frå Sedov-ekspedisjonen det sovjetiske flagget i Tikajabukta og erklærte Frans Josefs land ein del av Sovjetunionen. Noreg motstod ikkje offisielt sovjetarane si annektering av Frans Josefs land, men heldt på kravet om Viktoriaøya. Striden om Viktoriaøya enda med at sovjetarane annekterte øya i september 1932.

I juli 1931 markerte eit tysk luftskip ein milepåle i russisk polekspedisjonar. Graf Zeppelin reiste frå Berlin til Hookerøya via Leningrad (St. Petersburg). Her leverte det 300 kg med jubileumspost og møtte isbrytaren 'Malygin'. Etter å ha passert 81 grader nord til Severnaja Zemlja, returnerte det til Hookerøya og starta ei kartlegging av øygruppa frå lufta. Det reiste då så langt nord som til Rudolføya.

Under den kalde krigen var polarområdet ein aktiv buffersone mellom USA og Sovjetunionen og mange punkt i Arktis vart strategiske nøkkelposisjonar. Øyane vart erklært eit nasjonalt tryggingsområde frå 1930-åra og fram til oppløysinga av Sovjetunionen i 1991, og utlendingar fekk derfor ikkje gå i land på øyane. Det vart bygd ei luftstripe ved Greem Bell som base for russiske bombefly, og det var vanleg med øvingstokt mellom Frans Josefs land, fastlandet og Novaja Zemlja. Sjølv om øyane var militært følsomme, vitja eit cruiseskip øyane i 1971.

I 2005 førte den austerrikske geografen Christoph Höbenreich Payer-Weyprecht-minneekspedisjon til Frans Josefs land. Eit austerriksk-russisk lag følgde dei historiske forspora til polarpioneren Julius Payer med ski og pulk.

Den russisk-ortodokse kyrkja har planar om å byggje den nordlegaste kyrkja i verda på Frans Josefs land. Ho vil verte kalla opp etter St. Nikolas. Dette vart annonsert av biskop Tikhon av Arkhangelsk og Kholmogory i august 2007.[3]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Franz Josef Land» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2008.
  • Andreas Umbreit, SPITSBERGEN: Svalbard, Franz Josef Land, Jan Mayen, Bradt Travel Guides, U.K, 2005
  • Valerian Albanov. In the Land of White Death.
  • Karl Weyprecht, Die Metamorphosen des Polareises. Österr.-Ung. Arktische Expedition 1872-1874 (Metamorfosen til polarisen. Den austerriksk-ungarske polarekspedisjonen 1872-1874)
  • Julius von Payer, New Lands within the Arctic Circle (1876)
  • Andreas Pöschek Arkivert 2006-06-22 ved Wayback Machine., Geheimnis Nordpol. Die Österreichisch-Ungarische Nordpolexpedition 1872-1874. - Wien: 1999 (Tilgjengeleg som PDF Arkivert 2006-06-22 ved Wayback Machine.)
  • William Barr, The First Tourist Cruise in the Soviet Arctic.
  • I. Gjertz, B. Mørkved, "Norwegian Arctic Expansionism, Victoria Island (Russia) and the Bratvaag Expedition", Arctic, Vol. 51, No. 4 (Desember 1998), s. 330-335 (Available as PDF)
  • H. Straub, Die Entdeckung des Franz-Joseph-Landes, Styria-Verlag, Austria 1990.
  • Christoph Höbenreich (2007): "EXPEDITION FRANZ JOSEF LAND. In der Spur der Entdecker nach Norden". (forlag Frederking-Thaler, München, ISBN 978-3-89405-499-1.

Fotnotar endre

  1. [1] Arkivert 2016-06-11 ved Wayback Machine., [2] Arkivert 2013-01-27 ved Wayback Machine., [3] og [4] Arkivert 2011-10-03 ved Wayback Machine.
  2. Royal Society-øya
  3. Ny kyrkje på toppen av verda, arkivert frå originalen 2. oktober 2011, henta 20. juli 2008 

Bakgrunnsstoff endre

Kart

Nokre kart over området: