Rainerøya eller Rainierøya (russisk Остров Райнера; Ostrov Rajnera) er ei øy i Frans Josefs land i Russland. Ho er om lag sirkelforma og har ein diameter på 14 km. Arealet hennar er på 140 km² og nesten heile øya er dekt av isbrear. Det høgaste punktet er 284 meter over havet.

Rainerøya
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Kart
Rainerøya
81°21′31″N 58°59′29″E / 81.358611111111°N 58.991388888889°E / 81.358611111111; 58.991388888889
Plasseringa til Zemlja Zitsjy, ei undergruppe av Frans Josefs land. Rainerøya ligg på nordaustsida.

Øya vart namngjeve av den austerriksk-ungarske nordpolekspedisjonen etter adelsmannen Rainer Joseph Johann Michael Franz Hieronymus, erkehertug av Austerrike og kronprins av Ungarn og Böhmen, òg kjend som erkehertug Rainer av Austerrike. Han var ein av aristokratane som finansierte ekspedisjonen.

Rainerøya er ein del av undergruppa Zelmja Zitsjy i Frans Josefs land. Ho ligg aust for Karl-Alexander-øya og berre eit 2,5 km smalt sund skil dei to. Nord i dette sundet ligg ei gruppe skjer kalla Lesgaftreva (рифы Лесгафта). Desse er kalla opp etter den russiske sosialreformatoren Peter Lesgaft.

Nær nordaustsida av Rainerøya ligg ei lita øy kalla Ostrov Ivanova (остров Иванова), som berre er 600 meter lang.

Kjelder endre