Beiarn kyrkje ligg på Moldjord i Beiarn kommune i Nordland fylke. Ho høyrer til Beiarn sokn i Salten prosti. Kyrkja er ei langkyrkje av tømmer med om lag 320 sitteplassar. Bygginga starta i 1872, men på grunn av ein storm 21. januar 1873, måtte alt rivast. Kyrkjetomta vart flytta litt bortanfor og dei byrja bygginga på nytt. Ho vart vigsla 23. oktober 1873. 27. februar 1874 vart ho endå ein gong stormskadd, men i løpet av 1874 og -75 vart ho reparert og forsterka.

Beiarn kyrkje
Beiarn kirke

Foto: Roar Johansen

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Salten
Sokn Beiarn
Fellesråd Beiarn
Stad Moldjord i Beiarn 
Type Langkyrkje
Arkitekt teikna av forstassistent L.W.Nissen, Beiarn, korrigert av arkitekt Eckhoff
Teknikk lafta
Material tre
Innvigd 23.oktober 1873
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Raudmåla døypefont i tre, (1725), med dåpsfat i tinn
Altartavle måla av Godtfred Ezekiel (1726), donert av Maren Pedersdtr. Schelderup, Karen Strømer, Magdalene Sophie Bruun
Sitjeplassar 320
Kart
Beiarn kyrkje
67°00′23″N 14°34′19″E / 67.0063°N 14.572°E / 67.0063; 14.572
Wikimedia Commons: Beiarn kirke

Beiarn gamle kyrkje endre

Beiarn gamle kyrkje vart først bygd som annekskyrkje («finnekapell») i Gildeskål sokn i 1724, etter initiativ frå Thomas von Westen, «Samenes apostel», i 1716 . Beiarn gamle kyrkje vart truleg bygd som ei laftalangkyrkje, men har fått nokre tilbygg sidan og framstod etter kvart som ei krosskyrkje. Den sørlege vingen vart bygd såpass stor at han vart kalla «nykjerka.» Omkring 1860 var kyrkja blitt i så dårleg forfatning at det vinterstid ofte stod 30 cm med vatn over kyrkjegolvet, og vart det kaldt, fraus vatnet til is. Det vart sett i gang eit arbeid for å byggje ei ny kyrkje. Beiarn heradstyre vedtok 30. september 1875 at kyrkja skulle rivast. Det kyrkjelege inventaret vart plassert på loftet i den nye Beiarn kyrkje. Det som soknepresten ikkje såg mon i, vart auksjonert bort, restane vart brente.

Kjelder endre

  • Erling Vegusdal Eriksen: Beiarn soknekalls historie. Beiarn, 1949.

Bakgrunnsstoff endre