Sokn

den lågaste forvaltingseininga innanfor kyrkja i Noreg

Eit sokn er den lågaste forvaltingseininga innanfor kyrkja i land som Noreg og Danmark. Fleire sokn kan danne eit prestegjeld, altså ha ein sokneprest saman, medan kvart sokn skal ha ei soknekyrkje.

I Den norske kyrkja vel medlemmene av soknet to organ, eit sokneråd og eit kyrkjeleg fellesråd. Det skal vere kyrkje i kvart sokn. I Den katolske kyrkja er eit sokn den lågaste juridiske eininga. Lågare einingar, messestader og kapelldistrikt, er alltid underlagt eit sokn og ein sokneprest, men kan likevel ha eit visst sjølvstyre.

Soknekyrkjer endre

Vanlegvis har sokn i Noreg éi soknekyrkje, som kyrkjelyden der vanlegvis soknar til. I tillegg kan sokna ha fleire ande kyrkjer som då gjerne er kjende som kapell. Dersom fleire sokn deler prest, er kyrkja i hovudsoknet kalla hovudkyrkje medan dei andre kyrkjene er kalla annekskyrkjer. Dei fleste domkyrkjer er også soknekyrkjer.

Mange eldre soknekyrkjer blei bygde om på 1800-talet, etter at kyrkjelova av 1851 bestemte at kvar soknekyrkje skulle ha plass til minst tre tidelar av innbyggjarane. Mange av dei var langkyrkjer som blei forlenga eller som fekk krossarmar.