Beinta í Jákupsstovu

Beinta í Jákupsstovu (fødd 27. desember 1951 i Sørvágur) er ein færøysk statsvitar. Ho er professor i samfunnsvitskap ved Høgskulen i Molde og professor II ved Fróðskaparsetur Føroya i Tórshavn.

Beinta í Jákupsstovu
Fødd27. desember 1951
Sørvágur
NasjonalitetFærøyane
Yrkeskribent, statsvitar
Alma materUniversitetet i Bergen

Ho gjekk gymnaset i Tórshavn og studerte deretter sosiologi ved Københavns Universitet og geografi ved Universitetet i Bergen. Ho har graden cand.polit. i offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap frå Universitetet i Bergen frå 1982 og dr.polit. frå same universitet frå 2003. Ho har budd det meste av det vaksne livet sitt i Noreg.[1]

Etter ein del år innan undervising og administrasjon vart Jákupsstovu tilsett som høgskulelektor (seinare førsteamanuensis) i statsvitskap ved Høgskulen i Molde i 1995.[1] Ho fekk opprykk til professor i 2018.[2]

Beinta í Jákupsstovu har publisert ei rekkje vitskaplege arbeid om norske og færøyske tilhøve.[1]

Ho er dotter av fagforeiningsmannen Jákup í Jákupsstovu og Edith Lamhauge. Marinbiologen og den tidlegare direktøren ved havforskingsinstituttet på Færøyane, Hjalti í Jákupsstovu, er bror hennar.[1] Ho er mor til sosiolingvisten Edit Bugge.

Bibliografi endre

(utval)

  • Kunnskap og makt. Færøysk helsepolitikk gjennom 150 år. Fróðskapur (Faroe University Press) 2006.
  • Erfaringer fra kvindelisterne i færøsk politikk. Saman med Bjørg Jacobsen. Í NIKKmagasin nr 1-2006.
  • Et kjønnsperspektiv på færøysk helse- og sosialpolitisk utvikling, i A.Mortensen (red.): Fólkaleikur. Fróðskaparfelagið 2005.
  • Changes in the Faroese Welfare System, í Westman, Liisa (red.): Women leave, men remain – Issues of Welfare, Gender and Labour market. North Karelia Polytechnic, Joensuu 2005
  • Kvinner ingen adgang? Rekruttering av kvinner til bystyret i Tórshavn 1972-1992. Norsk Statsvitenskapelig Tidsskrift 1/96.
  • Heimestyreordninga og sosialpolitikk på Færøyane. Hovedfagsoppgåve i offentlig administrasjon og organisasjonskunnskap, Universitetet i Bergen, 1982.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Limir» (på færøysk). Rithøvundafelag Føroya. Arkivert frå originalen 31. oktober 2020. Henta 12. oktober 2020. 
  2. Waagbø, Arild Johan (9. mai 2018). «Her er høgskolens nye professorer – og én dosent!». Høgskolen i Molde. Henta 12. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff endre