Københavns Universitet

Københavns Universitet (latin Universitas Hafniensis) er det eldste universitetet i Danmark og eit av dei eldre universiteta i Nord-Europa. Universitetet i København vart grunnlagd i 1479 av kong Christian I.

Københavns Universitet


Grunnlagt1. juni 1479
StadKøbenhavns kommune
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://www.ku.dk/ (dansk)
Hovudbygget på Frue Plads.
Metroannekset i Fiolstræde.

Fram til Det Kgl. Frederiks Universitet vart grunnlagd i Christiania (Oslo), måtte nordmenn reisa til København for å studera.

Historie endre

Universitetet vart innvigd 1. juni 1479 av kong Kristian I, etter han i 1475 hadde fått løyve frå pave Sixtus IV til å opprette universitetet.[1] Etter tysk forbilde hadde universitet fire fakultet: teologi, jura, medisin og filosofi.

Fram til reformasjonen i 1536 var Københavns Universitet ein del av den romersk-katolske kyrkja, og derfor førte biskopen i Roskilde tilsyn med universitetet. I samband med reformasjonen tok statsmakta over denne oppgåva. Inntil statsmakta tok over hadde universitetet eit omfattande sjølvstyre, som mellom anna medførte at det ikkje var underlagt det normale rettsvesenet, men derimot hadde eigne lover og domstolar og eige ordens- og fengselsvesen. Fengselscellene kan ein framleis sjå i universitetets noverande kjellar.

Magister Peder Albertsen var universitetets første rektor, og han vart av kongen pålagt å finne eit tal lærde, slik at universitetet si verksemd kunne ta til. Frå innviinga i 1479 fram til 2004 vart universitetet leia av rektor og konsistorium. Ved årsskiftet 2004/05 vart konsistoriet lagt ned og erstatta av eit styre og ei tilsett leiing (rektor, prorektor, dekanar og institutleiarar).

Med verknad frå 1. januar 2007 har Københavns Universitet fusjonert med Den Kongelige Veterinær- og Landbohøjskole og Danmarks Farmaceutiske Universitet, som vart det 7. og 8. fakultet ved universitetet. Universitetet har med det meir enn 5500 forskarar.

 
Københavns Universitet,, "Sødre Campus", Ørestad.

Fakultet endre

  • Fakultet for Fødevarer, Veterinærmedicin og Naturressourcer
  • Det Farmaceutiske Fakultet
  • Det Humanistiske Fakultet
  • Det Juridiske Fakultet
  • Det Naturvidenskabelige Fakultet
  • Det Samfundsvidenskabelige Fakultet
  • Det Sundhedsvidenskabelige Fakultet
  • Det Teologiske Fakultet

Personar knytt til universitetet endre

Kjelder endre

  1. Grundlæggelsen af en akademisk republik (1479-1788) frå Universitetshistorie/Københavns Universitet

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Københavns Universitet