Beit 'Amra
Beit 'Amra (arabisk خربة بيت عمرة) er ein palestinsk by som ligg 12 kilometer sørvest for Hebron. Byen ligg i Hebron guvernement sør på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på 2 165 i 2007.[2]
Beit 'Amra | |||
خربة بيت عمرة | |||
kommune | |||
Namneopphav: Ruinane av ’Amra-huset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°26′53.34″N 35°03′13.28″E / 31.4481500°N 35.0536889°E | ||
Folketal | 2 165 (2007) | ||
Beit 'Amra 31°26′53″N 35°03′13″E / 31.44815°N 35.053688888889°E | |||
Kart som viser Beit 'Amra.
| |||
Wikimedia Commons: Beit 'Amra |
Historie
endreDen franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, og skildra han som ein ruin. Han skreiv at «desse ruinane strekkjer seg over ein stor ås, der den lågare delen har god vassforsyning. Mange cisterner er hogde ut i fjellsida. Fleire av desse er utrusta med steinare som skal stoppe vatnet i munninga. På alle sider ser ein gamle underjordiske kammer, som ein gong høyrde til husa som no er øydelagde. Ruinane er dekte av kratt. Tuftene etter to kyrkjer, nesten fullstendig øydelagde, er framleis synlege. Dei er bygde aust til vest begge to, den eine høgare oppe i landsbyen, den andre lenger nede. Ved den første finn ein bitar av ein døypefont.»[3]
I 1883 skildra Palestine Exploration Fund staden i Survey of Western Palestine som ein «stad i ruinar på ei høgd, minnar om Khurbet 'Aziz. Cisterner, falleferdige murar, søyler og dekksteinar vart observert».[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit 'Amra» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.