Beit Elazari
Beit Elazari (hebraisk skrift בֵּית אֶלְעָזָרִי, tyder Elazari-huset) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg 5 km sør for byen Rehovot og høyrer til Brenner regionale kommune. I 2008 hadde han eit folketal på 1 200.
Beit Elazari | |||
בֵּית אֶלְעָזָרִי | |||
landsby | |||
Namneopphav: Elazari-huset | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Sentral | ||
Kommune | Brenner | ||
Koordinatar | 31°50′36.95″N 34°48′15.47″E / 31.8435972°N 34.8042972°E | ||
Areal | 4,7 km² | ||
Folketal | 1 200 (2008) | ||
Grunnlagd | 1948 | ||
• Grunnlagd av | Austeuropeiske immigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Beit Elazari 31°50′37″N 34°48′15″E / 31.843597222222°N 34.804297222222°E | |||
Kart som viser Beit Elazari.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Elazari | |||
Nettstad: www.beitelazari.co.il |
Han vart grunnlagd i 1948 av immigrantar frå Aust-Europa på området til den avfolka palestinske landsbyen al-Maghar. Han vart først kalla Arugot (hebraisk skrift ערוגות), og fekk så namnet Ekron HaHadasha (hebraisk skrift עקרון החדשה, tyder Ny Ekron) og så det noverande namnet etter agronomen Yitzhak Elazari-Volcani, som grunnla det moderne jordbruket i Israel.[1] Han var den første moshaven som vart grunnlagd av nye immigrantar, mellom andre Avraham Zilberberg, som seinare vart medlem av Knesset.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Elazari» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval El'azari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 64. ISBN 965-7184-34-7. (he)
- ↑ Avraham Zilberberg: Public Activities Knesset website
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (he)