Beit Guvrin kibbutz

(Omdirigert frå Beit Guvrin i Israel)

Beit Guvrin (hebraisk skrift בֵּית גֻּבְרִין, tyder Menneskehuset på arameisk) er ein kibbutz i Lakhish-området, vest for den antikke byen Beit Guvrin, som han er kalla opp etter. Han høyrer til Yoav regionale kommune. Kibbutzen ligg 14 km aust for Kiryat Gat og har eit folketal på 340.[1]

Beit Guvrin
landsby
Land  Israel
Region Lakhish
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°36′47.15″N 34°53′53.87″E / 31.6130972°N 34.8982972°E / 31.6130972; 34.8982972
Folketal 436 (2015)
Grunnlagd 1949
 •  Grunnlagd av tidlegare Palmach-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Beit Guvrin kibbutz
31°36′47″N 34°53′54″E / 31.613097222222°N 34.898297222222°E / 31.613097222222; 34.898297222222
Kart som viser Beit Guvrin kibbutz.
Kart som viser Beit Guvrin kibbutz.
Kart som viser Beit Guvrin kibbutz.
Wikimedia Commons: Beit Govrin National Park

Historie

endre

Kibbutzen Beit Guvrin vart grunnlagd i 1949, på Shavuot-kvelden, av tidlegare Palmach-medlemmar. Han vart bygd på landområdet til til den avfolka palestinske landsbyen Beit Jibrin, som flykta etter ordre frå dei lokale imamane under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Dei første innbyggjarane var medlemmar av «Yetzivim» ungdomsgruppe, som emigrerte frå Tyrkia i 1945, og «Bnei Horin» ungdomsgruppe, som emigrerte frå Romania i 1946.

Landemerke

endre

Kibbutzen er omgjeve av ruinar frå Beit Guvrin frå 100- og 200-talet evt., som vart kalla Eleutheropolis, «byen av frie menn» av romarane.[3] Beit Guvrin-Maresha nasjonalpark er ein eit populært turistmål med grottermåleri, kolumbarium og ruinar av ein romersk by og etter krossfararane.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Yoav Experience: Beit Guvrin, arkivert frå originalen 4. november 2013, henta 13. september 2015 
  2. Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. s. XIX, landsby #322.  Gives the cause and date of depopulation, p xxii #166.
  3. Around Jerusalem and the Dead Sea, Fodor