Opna hovudmenyen

Det sørlege distriktet i Israel

Det sørlege distriktet (hebraisk מחוז הדרום, Mehoz HaDarom; arabisk لواء الجنوب) er eit av seks administrative distrikt i Israel og det største i landareal, men samtidig tynt folkesett. Det dekkjer det meste av Negevørkenen, og Aravadalen. Det sørlege distriktet har 1 086 240 innbyggjarar og eit areal på 14 185 km2.[1] Folkesetnaden består av 79,66 % jødar og 12,72 % arabarar (hovudsakleg muslimar) og 7,62 % andre (hovudsakleg russiske kristne). Distriktshovudstaden er Beer Sheva, medan den største byen er Ashdod. Pendlarbyane kring Beersheba, Omer, Meitar og Lehavim, er alle relativt velståande, medan utviklingsbyar (som Sderot, Netivot og Ofakim) og sju beduinarbyar er lågare på den samfunnsøkonomiske skalaen.[2]

Det sørlege distriktet
hebraisk מחוז הדרום, arabisk لواء الجنوب
distrikt
Goats in Southern Israel.jpg
Lokale kommunar 11
Regionale kommunar 15
Byar 12
Administrasjonsstad Beer Sheva
Koordinatar 30°40′N 34°50′E
Areal 14 185 km²
Folketal 1 086 240
Folketettleik 77 / km²
Southern District in Israel.svg
Wikimedia Commons: South District (Israel)

Byar, lokale og regionale kommunarEndra

KjelderEndra

  1. Area of distrikts, Sub-distrikts, Natural Regions and Lakes. Israelsk statistisk sentralbyrå
  2. Current Plans for Developing the Negev: A Critical Perspective Adva Center

Sjå ògEndra