Opna hovudmenyen

Beit Guvrin (hebraisk skrift בֵּית גֻּבְרִין, tyder Menneskehuset på arameisk) er ein kibbutz i Lakhish-området, vest for den antikke byen Beit Guvrin, som han er kalla opp etter. Han høyrer til Yoav regionale kommune. Kibbutzen ligg 14 km aust for Kiryat Gat og har eit folketal på 340.[1]

Beit Guvrin
landsby
Beit Guvrin.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Lakhish
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°36′47.15″N 34°53′53.87″E
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av tidlegare Palmach-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Govrin National Park

Innhaldsliste

HistorieEndra

Kibbutzen Beit Guvrin vart grunnlagd i 1949, på Shavuot-kvelden, av tidlegare Palmach-medlemmar. Han vart bygd på landområdet til til den avfolka palestinske landsbyen Beit Jibrin, som flykta etter ordre frå dei lokale imamane under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2] Dei første innbyggjarane var medlemmar av «Yetzivim» ungdomsgruppe, som emigrerte frå Tyrkia i 1945, og «Bnei Horin» ungdomsgruppe, som emigrerte frå Romania i 1946.

LandemerkeEndra

Kibbutzen er omgjeve av ruinar frå Beit Guvrin frå 100- og 200-talet evt., som vart kalla Eleutheropolis, «byen av frie menn» av romarane.[3] Beit Guvrin-Maresha nasjonalpark er ein eit populært turistmål med grottermåleri, kolumbarium og ruinar av ein romersk by og etter krossfararane.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Yoav Experience: Beit Guvrin
  2. Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisited. s. XIX, landsby #322.  Gives the cause and date of depopulation, p xxii #166.
  3. Around Jerusalem and the Dead Sea, Fodor