Beit Hanania
Beit Hanania (hebraisk skrift בֵּית חֲנַנְיָה, tyder 'Hananiahuset') er ein moshav nord i Israel. Han ligg like sør for Karmelberget nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 687.
Beit Hanania | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Karmelberget | ||
Distrikt | Haifa distrikt | ||
Kommune | Hof HaCarmel | ||
Koordinatar | 32°31′43.67″N 34°55′36.11″E / 32.5287972°N 34.9266972°E | ||
Folketal | 907 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
• Grunnlagd av | PICA og austeuropeiske emigrantar | ||
Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
Beit Hanania 32°31′44″N 34°55′36″E / 32.528797222222°N 34.926697222222°E | |||
Kart som viser Beit Hanania.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Hanania |
Moshaven vart grunnlagd i 1950 av Palestina Jewish Colonization Association (PICA) og emigrantar frå Aust-Europa. Han vart kalla opp etter Hanania Gottlib, ein leiar i PICA.
Israel nasjonalsti går gjennom moshaven. Ein akvedukt bygd i tida til Hadrian ligg ved inngangen til landsbyen, medan Taninimelva naturreservat ligg i nærleiken. Taninimelva flyt gjennom parken, som er kalla opp etter alligatorar (hebraisk skrift תנינים, Taninim) som fram til byrjinga av 1900-talet heldt til i den nærliggande Cabra-sumpen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Beit Hanania» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: