Opna hovudmenyen

Zichron Ya'akov (hebraisk skrift זִכְרוֹן יַעֲקֹב, tyder «Jacobsminnesmerket», ofte berre korta til Zichron) er ein by i Israel, 35 km sør for Haifa, og ein del av Haifa distrikt. Han ligg ved sørenden av Karmelberget oppom Middelhavet, nær kystvegen (hovudveg 2). Han var ein av dei første jødiske busetnadane i landet, grunnlagd i 1882 av Baron Edmond James de Rothschild og kalla opp etter faren hans.[1]

Zichron Ya'akov
lokal kommune
PikiWiki Israel 1723 Zichron Yaakov מדרחוב בזכרון יעקב.jpg
HaMeyasdim-gata i Zichron Ya'akov
Namneopphav: Jacob-minnesmerke
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°34′15″N 34°57′06″E
Areal 32,1 km²
Folketal 18 719 (2009)
Folketettleik 583 / km²
Grunnlagd 1882
Borgarmeister Eli Abutbul
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Zichron Yaacov

HistorieEndra

Zichron Ya'akov vart grunnlagd i desember 1882 då 100 jødiske pionerar frå Romania, medlemmar av Hovevei Zion-rørsla, kjøpte land i Zammarin.[2] Vanskane med å arbeide den steinete jorda og utbrot av malaria, førte til at mange nybyggjarar flytta før eit år var gått.[2]

I 1883 byrja baron Edmond James de Rothschild å verne busetjinga og la planar om å utvide bustadområde og jordbruksøkonomien. Zichron var ein av dei første jødiske jordbrukskoloniane som kom under vengja til baronen (i lag med Rishon LeZion og Rosh Pinna), som kalla han opp etter faren, James (Ya'akov) Mayer de Rothschild.[1][2]

For å nå det første målet sitt, henta baron de Rothschild inn planleggjarar som teikna og fordelte hus langs hovudvegen. Baronen fekk òg bygd Ohel Ya'akov-synagoga, kalla opp etter faren.[3]

Etter fleire økonomiske nederlag, var Rotschild i 1885 med på å starte opp den første vingarden i ISrael, Carmel Winery, i lag med ein flaskefabrikk, i Zichron Ya'akov. Denne gjorde det betre øknonomisk, sjølv om det vart kortvarig då vindruene vart råka av ein parasitt. Nye drueplanter vart dyrka og vingarden byrja å gå godt. Vingarden er framleis i drift i dag. I 1954 vart leivningane av baron Edmond de Rothschild flytta til Zichron Ya'akov.

VenskapsbyarEndra

Zichron Ya'akov er venskapsby med:

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Zichron Yaakov». Henta 7. april 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Gems in Israel-Zichron Ya'acov». Gems i Israel. Henta 7. april 2015. 
  3. Ya'akov offers breathtaking views, history lesson

BakgrunnsstoffEndra