Beit Oved

Beit Oved (hebraisk skrift בֵּית עוֹבֵד, tyder Arbeidarhuset eller Huset til Obed) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i utkanten av Ness Ziona og høyrer til Gan Raveh regionale kommune. I 2006 hadde Beit Oved eit folketal på 306.

Beit Oved
moshav
בית עובד כניסה.JPG
Inngangen til Beit Oved
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Gan Raveh
Koordinatar 31°55′18.48″N 34°46′24.96″E
Grunnlagd 1933
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Beit Oved
31°55′19″ N 34°46′25″ E
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Beit Oved

EtymologiEndra

Namnet er basert på to vers i Bibelen: «Der vart Guds paktkiste ståande i tre månader. Og Herren velsigna Obed-Edom sitt hus og alt det som høyrde han til.» (1. Krønikebok 13:14)[1] eller: «Den som dyrkar si jord, kan eta seg mett, vitlaus er den som jagar etter fåfengde ting.» (Salomos ordtak 12:11)[2]

HistorieEndra

Moshaven vart grunnlagd i 1933 av ei gruppe bønder.[3] Han vart grunnlagd etter Palestinaopprøra i 1929 då det vart grunnlagd mange jordbrukssamfunn i utkanten av jødiske byar og moshavaer for å betre tryggleiken.[4]

Moshav Beit Oved

KjelderEndra

  1. Første Krønikebok kapittel 13
  2. Salomos ordtak kapittel 12
  3. Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 191. 
  4. Settlement of the Thousand, Kvutzat Shiller kibbutz Gan Shlomo