Kvutzat Shiller

(Omdirigert frå Gan Shlomo)

Kvutzat Shiller (hebraisk skrift קבוצת שילר), òg kalla Gan Shlomo (גַּן שְׁלֹמֹה, tyder Salomohagen) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah nær Rehovot og høyrer til Brenner regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 417.

Kvutzat Shiller
קבוצת שילר
landsby
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Brenner
Koordinatar 31°52′40.44″N 34°47′55.67″E / 31.8779000°N 34.7987972°E / 31.8779000; 34.7987972
Areal 3,5 km²
Folketal 580 (2019)[1]
Grunnlagd oktober 1927
 - Grunnlagd av polske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Kvutzat Shiller
31°52′40″N 34°47′56″E / 31.8779°N 34.798797222222°E / 31.8779; 34.798797222222
Wikimedia Commons: Kvutzat Shiller
Nettstad: www.shiller.org.il

Kibbutzen vart grunnlagd som ein kvutza i oktober 1927 av ei gruppe på 12 akademikarar frå Lviv og Galicia og dei seks borna deira. Dette var etter gruppa hadde fått jordbruksopplæring i to år i Kiryat Anavim. Den nye busetjinga vart kalla opp etter Shlomo Schiller, ein sionistaktivist i Lviv. Tidleg i 1930-åra bad innbyggjarane om meir land for å utvide kibbutzen. Styresmaktene gjekk med på dette, men kravde at landsbyen skulle få eit hebraisk namn. Sjølv om namnet Gan Shlomo vart føreslått og vart akseptert av styresmaktene, og framleis er i bruk på offisielle kart og dokument, vert det originale namnet framleis nytta på folkemunne.

Bakgrunnsstoff endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/central/rehovot/0144__gan_shelomo/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003761.