Beit Yatir (hebraisk skrift בית יתיר), òg kalla Metzadot Yehuda (hebraisk skrift מְצָדוֹת יְהוּדָה), er ein religiøs ortodoks moshav og israelsk busetjing sør i Hebron-fjellet på den okkuperte Vestbreidda langs Den grøne linja sør for Susiya. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Beit Yatir
moshav
Land  Palestina
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°21′56″N 35°06′44″E
Kart
Beit Yatir
31°21′56″ N 35°6′44″ E
Wikimedia Commons: Beit Yatir

Moshaven ligg 900 meter over havet og er underlagt Har Hebron regionale kommune. I nærleiken ligg ruinane av den antikke byen Eshtemoa. Beit Yatir vart grunnlagd i 1979 av studentar frå Mercaz HaRav Yeshiva. I 1983 vart moshaven flytta sørvest for den opphavlege plasseringa, til sør for byen As-Samu og den noverande plasseringa i Yatirskogen. Eit synleg landemerke i moshaven er ein høg vindturbin.

Kjelder Endra

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.