Bekkeblom

Bekkeblom
Bekkeblom
Bekkeblom
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Bekkeblomslekta Caltha
Art: Bekkeblom C. palustris
Vitskapleg namn
Caltha palustris

Bekkeblom (Caltha palustris), òg kalla soleihov, er ei fleirårig urt i soleiefamilien som veks på fuktige plassar over heile Noreg. Han er umiskjenneleg med tjukke, glatte stenglar, og mørkegrøne, glinsande blad. Blomane er gule, og minner om soleie (Ranuculus), men er større. Blomstringstida er frå april til juni. Til fjells, og langt mot nord finst former med krypande, rotslåande stengel, og mindre blomar. Desse vert ofte rekna som ein eigen underart, men det dreier seg truleg om ei tilpassing til klimaet. Planten har vid utbreiing i tempererte, fuktige strøk på den nordlege halvkule. Han vert òg dyrka i hagar. Det finst hageformer med fylte blomar, og med kvite blomar. Planten er giftig.

Bekkeblom ved ein bekk. Bilete: Kjetil Lenes

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Bekkeblom