Bekkesildre
Bekkesildre
Bekkesildre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Saxifragales
Familie: Sildrefamilien Saxifragaceae
Slekt: Sildreslekta Saxifraga
Art: Bekkesildre S. rivularis
Vitskapleg namn
Saxifraga rivularis

Bekkesildre (Saxifraga rivularis) er ei plante i sildrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta er kring 5 cm høg og har saftige skjøre stenglar og mørkgrøne blad som ofte er jamhøge med stenglane. Ho har snau bladplate som minner om dvergsoleie. Blomane har kvite eller raudlege kronblad som er litt lengre enn begerblada. Bekkesildre blømer kring juli månad på våte stader, ved bekker og på snøleger. Planta finst i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 2350 m på Galdhøpiggen.

KjelderEndra

  • Engelsk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.