Sirkumpolar utbreiing

Sirkumpolar utbreiing er eit utbreiingsområde hjå ein art eller ei biologisk gruppe som er meir eller mindre samanhengande rundt enten nord- eller sørpolen.[1] Utbreiingsområdet kan ligge både i den tempererte og i den kalde sona. I ei snever tyding kan det visa til artar med utbreiing innanfor polarregionane.[2]

Isbjørn er eit døme på eit dyr som har ei sirkumpolar utbreiing rundt nordpolen.

Nokre døme på sirkumpolare dyreartar er rein[3], isbjørn[4], fjellrev[3][5], snøugle[5], snøsporv[5], praktærfugl[5], ringgås[5] og fjelljo[5] i nord, og weddellsel[3] og adeliepingvin[3] i sør. Nokre nordlege sirkumpolare vekstar er harerug,[6] polarreddik,[2] raudsildre[7] og strandarve.[8]

KjelderEndra

  1. Cirkumpolär Nationalencyklopedin, webbupplagan. Läst 8 januari 2016
  2. 2,0 2,1 «Circumpolar distribution». Oxford Reference. Oxford University Press. Henta 19 november 2014. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Vladimir Kotlyakov; Anna Komarova: Elsevier's Dictionary of Geography: in English, Russian, French, Spanish and German, Elsevier, 2006, s. 119. 
  4. T. Kue Young: Circumpolar Health Atlas, University of Toronto Press, 2011, s. 21-33. ISBN 978-1-4426-4456-4. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Y. I. Chernov: The Living Tundra ”Distribution of animals and plants”, Cambridge University Press, 1988, Studies in Polar Research, s. 101–118. ISBN 9780521357548. 
  6. «Bistorta vivipara (L.)S.F. Gray», svalbardflora.no 
  7. Moore, Peter D.: Ecosystem Series - Tundra, Infobase Publishing, 2009, s. 64–85. ISBN 9781438118727. 
  8. Julia Sánchez Vilas: =Sexual dimorphism in ecological and physiological traits in the subdioecious dune plant Honckenya peploides (L.) Ehrh., Universidade de Santiago de Compostela, 2008.