Belianske Tatra
Belianske Tatras (slovakisk Belianske Tatry) er ei fjellkjede i Dei austlege Tatrafjella nord i Slovakia. Dei austlege Tatrafjella høyrer til Tatrafjella, som igjen er ein del av Karpatane. Den høgaste toppen er Havran på 2151 meter over havet. Som det meste av området er området stengd for turistar for å verne sjeldne dyr og planter. Dei første innbyggjarane i fjella var gjetarar på 1300-talet.
Belianske Tatra | |||
fjell | |||
Land | Slovakia | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Dei austlege Tatrafjella | ||
Høgd | Havran, 2 151 moh. | ||
Koordinatar | 49°14′20″N 20°13′20″E / 49.23889°N 20.22222°E | ||
Belianske Tatra 49°15′N 20°12′E / 49.25°N 20.2°E | |||
Wikimedia Commons: Belianske Tatra Mountains |
Hovudryggen er 14 km lang og består av fjell av kalkstein og dolomitt med ein karakteristisk karst-topografi. Den einaste grotta i Tatrafjella som er open for ålmenta ligg her, Belianskagrotta.
Økologi og biologi
endreI dag høyrer heile området til eit nasjonal naturreservat som dekkjer 54,08 km², som igjen er ein del av Tatra nasjonalpark. Mange endemiske, sjeldne og utryddingstruga artar lever og veks her.
I dei nordlege områda av Belianske Tatra finn ein dei største flokkane med Tatra-gemse, som er endemiske for Tatrafjella. Ein typisk plante i området er edelweiss.
Bakgrunnsstoff
endre- www.beliansketatry.com
- Belianske Tatra og Belianskagrova på sida for slovakisk administrasjon av grotter Arkivert 2007-07-01 ved Wayback Machine.
- Bilete på beliansketatry.sk Arkivert 2011-08-10 ved Wayback Machine. (slovakisk)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Belianske Tatras» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.