Belinda

kvinnenamn

Belinda er eit kvinnenamn av uklart opphav. Det har namnedag den 24. august.

Songaren Belinda Carlisle.

Førsteleddet kan knytast til italiensk Bella, 'vakker', gammalengelsk beadu, 'kamp' eller gammalhøgtysk beraht, 'lysande'. Andreleddet kan koma frå gammalhøgtysk linta, 'lind', linde, 'linn, mjuk' eller lind, 'drake, orm'; frå spansk linda, 'vakker', eller ganske enkelt vera ei kvinneleg etterstaving, -inda.

Namnet spreidde seg på 1600-talet og blei brukt i diktet The Rape of the Lock av Alexander Pope i 1712.

Namneberarar endre

Kjelder endre