Opna hovudmenyen
Alexander Pope ca 1727

Alexander Pope (21. mai 168830. mai 1744) var ein engelsk diktar og kritikar. Han vert rekna som den største diktaren i samtidas England.

Liv og gjerningEndra

Pope si familie var katolsk, og strenge antikatolske lover gjorde at han ikkje fekk gå i skule. Opplæring i heimen og seinare grundige sjølvstudiar la grunnen for ein omfattande kunnskap om språk og litteratur.

Påverka av franskmannen Nicolas Boileau skreiv Pope eit poetisk læredikt, Essay on Criticism, som kom ut 1711. Dette og seinare verk gjorde ham til den leiande diktaren og den fremste representanten for nyklassisismen i England. Posisjonen hans kom elles mykje til å kvile på omsetjinga av Iliaden (1715–20) og Odysseen (1725–26).

Pope sitt ry som forfattar kom i fremst rekke av moraliserande, ironiske og satiriske dikt. Mellom hans mest populære verk er det komiske heltediktet The Rape of the Lock frå 1712. År 1728 kom han med Dunciad, den fyrste av tre versjonar av eit verk i same heroisk-komiske sjangeren. Han skreiv òg naturskildrande dikt som Windsor Forest (1713) og kjenslevare dikt som Elegy to the Memory of an Unfortunate Lady (1717).

Åra 1731-35 priste Pope måtehald gjennom epistlar i Moral Essays. Lærediktet An Essay on Man (1733–34) syner ein deistisk og rasjonalistisk tankegang som braut med katolisismen. I Satires and Epistles of Horace Imitated (1733–38) kritiserte han mellom anna den politiske korrupsjonen.

Pope forma mange fyndord som framleis lever, han skal såleis vere den mest siterte engelske diktaren etter William Shakespeare.

KjelderEndra