Belizeelva
Belizeelva er ei 290 kilometer lang elv i Belize. Ho har gjeve namn til Belize City og gjennom den til landet Belize. Ho renn gjennom meir enn ein fjerdedel av landet. Belizeelva er også kjent under namnet «Den gamle elva».
Belizeelva | |||
elv | |||
Renn gjennom | Belize City | ||
---|---|---|---|
Lengd | Med Mopanelva 290 km | ||
Kjelde | Møtepunktet mellom Mopan og Macal 17°11′N 89°04′W / 17.183°N 89.067°W | ||
Munning | Det karibiske havet ved Belize City 17°32′N 88°14′W / 17.533°N 88.233°W | ||
Belizeelva 17°10′42″N 89°04′49″W / 17.17841°N 89.08016°W | |||
Wikimedia Commons: Belize River |
Belizeelva har opphav i Guatemala der elvane Mopan og Macal renn saman. Ho renn gjennom ein elvedal som hovudsakleg består av tropisk regnskog. Ho snor seg langs den nordlege enden av Mayafjella tvers over den sentrale delen av landet og renn ut i Det karibiske havet ved Belize City.
Ho er farbar opp til grensa til Guatemala, og var ei viktig transportåre for handel og transport mellom kysten og innlandet i Mayariket fram til 900-talet og i koloniserte Belize til inn på 1900-talet. Elva er framleis brukt til tømmertransport, særleg mahogni.
Kjelder
endre«Belize» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Belize River» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Belizeelva» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juni 2011.