Opna hovudmenyen
Belize

(norsk: Belize, belizisk)

Det beliziske flagget Det beliziske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Land of the Free»
Motto Latin: Sub Umbra Floreo
Geografisk plassering av Belize
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Belmopan
Styresett
Konstitusjonelt monarki
Elizabeth II
Sir Colville Young
Dean Barrow
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
22 966 km² (149.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2001)
 – Tettleik
 
360 346 (173.)
240 204¹
15,7 /km² (173.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
21. september 1981
Nasjonaldag 21. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 071 mill. USD (173.)
8 800 USD (115.)
Valuta Belizisk dollar
Tidssone UTC -2
Telefonkode +501
Toppnivådomene .bz

¹statoids.com

Belize er eit konstitusjonelt monarki som ligg nord i Mellom-Amerika ved Det karibiske havet. Det er eit mangearta land som omfattar ulike språk og kulturar. Belize er det einaste landet i Mellom-Amerika der engelsk er det offisielle språket, men ein snakkar også spansk og kreolsk. Landet grensar til Mexico i nordvest og Guatemala i vest og sør. Honduras ligg på andre sida av Hondurasbukta, 75 km unna. Belize var fram til 1973 kjend som Britisk Honduras. Namnet Belize kjem frå elva Belize, i likskap med den tidlegare hovudstaden og den største byen i landet, Belize City.

Landet er 22 960 km² stort og har ein folkesetnad på berre 333 200 (est. 2010).[1] Belize har dermed den lågaste folketettleiken av landa i Mellom-Amerika.[2] Folkesetnaden veks årleg med 2,21 % (est. 2008), noko som er høgt for regionen. Det store biologiske artsmangfaldet og økosystemet i landet vert rekna som særs viktige.[3]

Belize er kulturelt sett unikt i Mellom-Amerika ettersom det lenge var del av det britiske imperiet. Det er vanleg å peika på at Belize har mange trekk til felles med Karibia i tillegg til Latin-Amerika. Belize er medlem av CARICOM (Den karibiske fellesskapen).

Hovudstaden i landet er innlandsbyen Belmopan. Hovudstaden blei flytta hit frå Belize City, som stadig blir råka av orkanar og flaum. Belize City er likevel den viktigaste byen med tanke på handel og bankverksemd. Som Panama har Belize etablert eit friområde der det ikkje blir kravd inn skattar og avgifter på varer og tenester. Dette området ligg mot grensa til Mexico. Belize blir òg sett på som eit skatteparadis.

Kart over Belize

OrdsogeEndra

Opphavet til namnet Belize er uklart, men dei tidlegaste dokumentasjonane av namnet er funne i eit tidsskrift av den dominikanske presten Fray José Delgado som er datert til 1677. Delgado noterte namna til tre store elver han kryssa då han reiste nordover langs den karibiske kysten: Rio Soyte, Rio Xibum og Rio Balis. Desse namna, som no tilsvarer elvene Sittee, Sibun og Belize, vart gjevne til Delgado av tolken hans. Det er sannsynleg at Delgados «Balis» eigentleg var frå mayaordet belix (eller beliz), som tyder 'sølevatn'. Andre har føreslått at namnet kjem frå den spanske uttalinga av namnet på den skotske buccaneeren Peter Wallace, som stod for ei av dei tidlege busetjingane ved munningen av Belizeelva. Det finst likevel ikkje bevis for at Wallace faktisk busette seg i området, og nokon påstanden er blitt karakterisert som ein myte. Fleire andre moglege etymologiske opphav er lagt fram av skribentar og historikarar, inkludert teoriar om fransk og afrikansk opphav til namnet.

NaturgeografiEndra

Nordlege Belize består for det meste av flate sumpaktige kystområde, nokre stadar overgrodd av regnskog. I sør ligg den låge fjellkjeda Mayafjella, der ein finn det høgaste punktet i landet, Doyle's Delight på 1 124 meter over havet. Den djupaste hòla i Belize er Actun Box Ch'iich' som strekkjer seg ned til 183 meter under bakkenivå

Belize ligg mellom elvene Hondo og Sarstoon, med elva Belize som renn gjennom midten av landet. Utanfor kysten ligg det fleire korallrev.

KlimaEndra

Belize har eit varmt og fuktig klima året rundt. Tørketida er kortare enn dei andre områda av Mellom-Amerika. Om sommaren og hausten kjem det regn om lag annankvar dag, og om vinteren kan ein front og to kome sørover i Mexicogolfen og gje fuktigare og kjøligare vêr ein dag og to. Regnet om sommaren kjem og forsvinn raskt, men det er ofte ein del skyer. Ein canicula gjev ein periode med opphaldsvêr i juli og august. Heile landet er lummert, men mest lummert er det i indre strøk. Regnmengdene aukar jo lenger sør ein kjem, og varierer frå 1000 mm lengst nord til over 4000 mm i fjellsidene av Mayafjella som vender mot sjøen. Størst sjanse for sol har ein frå februar til tidleg i mai, medan den største faren for orkanar er frå august og ut oktober.

FolkesetnadEndra

SpråkEndra

Engelsk er det einaste offisielle språket i Belize ettersom landet er ein tidlegare britisk koloni. Det er likevel førstespråket til berre ein liten del av folkesetnaden. Dei fleste innbyggjarane brukar i staden belizisk kreol (eller kriol), som er eit kreolspråk basert på engelsk. Spansk er språket som har flest morsmålstalarar i Belize, nærare halvparten av befolkninga. Det blir òg tala fleire mayiske språk. Rundt 80 % av innbyggjarane kan lesa og skriva.

Ved folketeljinga i 2010 var 40,1 % av folkesetnaden katolikkar. Delen av katolikkar gjekk ned frå 49,4 % ved folketeljinga i 2000. I tillegg til Den katolske kyrkja finst det ei rekkje kristne og andre trusretninger, som alle samla under 10 % av folkesetnaden i 2010. 8,4 % var pinsevennar, 5,7 % sjuandedagsadventistar, 4,7 % var anglikanarar, 3,7 % mennonittar, 3,6 % baptistar, 2,9 % metodistar, 2,8 % nasarenarar og 1,7 % tilhøyrde Jehovas vitne. 15,5 % hadde ingen religion.[4]

HistorieEndra

 
El Castillo ved Xunantunich

Mayasivilisasjonen voks ut frå det som i dag blir kalla Belize frå ca. 1500 f.Kr. og blomstra til rundt år 800 e.Kr. Dei historiske nedteikniingane er senterte rundt Caracol-området, der det finst innskrifter på monument.[5] Det finst òg innskrifter på andre språk. I den seine klassiske perioden av mayasivilisasjonen (ca. 1000 e.Kr.) fanst det kanskje så mange som 400 000 innbyggjarar i området som no utgjer Belize. Då europearane kom hit på 1500-talet var det framleis nokre mayaer som levde der. Dei tidlege forsøka på å kolonisera området vart møtt med motstand frå dei innfødde.

Engelskmenn og skottar etablerte seg på kysten av Belize i 1638. I tillegg til piratverksemd, drev dei med hogst av edle tresortar. Spania lét britane etablera seg der mot at dei avstod frå piratverksemd, og heller dreiv anna næring.[6] Uansett var Belize ein avkrok i det større spelet om koloniane. Britane utpeikte først i 1786 ein administrator for området. Dette førte til ein tilstand av lovløyse og manglande sentralmakt i kolonien, der nokre utvalde rikmenn i realiteten tok avgjerdene.

Tidleg på 1800-talet søkte dei britiske styresmakten å oppnå større kontroll over innbyggjarane. Dei forlangte at slaveriet skulle avskaffast og at andre institusjonar skulle innførast. Slaveri blei avskaffa i Det britiske imperiet i 1838, men ting endra seg ikkje i Belize. På grunn av den lokale treindustrien var slavehald særs lukrativt.[7] Etter påtrykk frå metropolen blei dei gamle slavane lønnsarbeidarar, men hadde få andre alternativ enn å halda fram med det same arbeidet.[7]

I 1836, etter frigjeringa av Mellom-Amerika frå spansk herredøme, gjorde britane krav på retten til å administrera Belize. I 1862 blei området formelt sett ein kronkoloni, underordna Jamaica, og blei kalla Britisk Honduras.[8] Som koloni byrja Belize å tiltrekkja seg investorar. Eit dominerande selskap var Belize Estate and Produce Company, som til slutt åtte halvparten av all privat eigedom i landet. Belize Estate-selskapet sin påverknad var særs sterk og førte til at kolonien var dominert av handel med mahogni gjennom heile 1800- og første halvdel av 1900-talett.

Den store depresjonen førte til kollaps i mahogniprisane og store økonomiske vanskar for Belize. Arbeidsløysa i landet blei stor. Tilstandane blei verre etter at ein sterk orkan ramma kolonien i 1931. Samstundes nekta styresmaktene å legalisera minsteløn eller fagforeiningar. Demonstrasjonar og opprør 1934 markerte byrjinga på ei sjølvstenderørsle. Økonomien tok seg opp under andre verdskrigen, sidan mange blei med i militære styrkar eller bidrog med anna arbeid. Etter krigen kom ny stagnasjon, og den britiske avgjerda om å devaluera valutaen i 1949 gav nye problem.

Ei reform av grunnlova byrja i 1954 og førte fram til ein ny grunnlov 10 år seinare. Britisk Honduras fekk sjølvstyre i 1964, og opposisjonsleiaren blei den første statsministeren. Området fekk det offisielle namnet Belize i 1973. Vegen mot fullt sjølvstende blei hindra av grensestrid med Guatemala. Då Belize fekk fullt sjølvstende den 21. september 1981, nekta Guatemala å anerkjenna den nye nasjonen; dette gjorde landet først i 1992. Britiske soldatar blei verande i landet fram til 1994, men bidrog etter dette òg til opplæringa av dei nye styrkane. Grensa til Guatemala er framleis eit stridsspørsmål, og på ein del kart frå Guatemala er Belize presentert som den 23. provinsen i landet..[9][10] Etter sjølvstendet blei ein britisk garnison stasjonert i Belize etter ønske frå regjeringa i landet.

Politikk og administrasjonEndra

Belize er eit konstitusjonelt monarki med Elisabeth II av Belize som statsoverhovud. Monarken er representert i Belize av generalguvernøren, som må vera frå Belize. Den utøvande makta ligg hos statsministeren og hans regjering. I regjeringa sit medlemmar av partiet med høgast oppslutning i parlamentet.

Det beliziske parlamentet består av eit overhus og underhus. Dei 29 medlemmane av underhuset blir valde for periodar på 5 år. Av dei 8 representantane til overhuset blir fem valde av statsministeren, to av opposisjonsleiaren og ein av guvernøren. Overhuset er leia av ein president, som ikkje har røysterett og er oppnemnd av det regjerande partiet.

Administrativ inndelingEndra

 
Distrikta i Belize

Belize er delt inn i 6 distrikt:

  • Belize
  • Cayo
  • Corozal
  • Orange Walk
  • Stann Creek
  • Toledo

Distrikta er vidare delt inn i mindre einingar kalla constituencies (valkrinsar).

Forsvars- og utanrikspolitikkEndra

Forsvarsstyrken i landet, Belize Defence Force, blei skipa i 1978. I tillegg til oppgåva med å sytaforforsvaret i landet, skal forsvarsstyrken òg bidra til indre tryggleik og orden og bistå ved naturkatastrofar og krisesituasjonar.[11]

Belize Defence Force består av to infanteribataljonar, ein støttebataljon, ein bataljon av frivillige og ein luftving. Kystvakta utgjer ei sjølvstendig eining utanfor forsvaret. Til saman disponerer forsvaret ein styrke på 1 029 mann (2010).[12]

ØkonomiEndra

Den vesle, hovudsakleg private, næringsverksemda baserer seg på jordbruk og handverk. Turisme og konstruksjonsarbeid er to næringar i vekst. Sukker står for nær halvparten av eksporten til Belize, medan bananindustrien er den største arbeidsgjevaren i landet. Produksjon av sitrusfrukter er blitt ein viktig næringsveg langs Kolibrivegen.

Landet freistar òg å byggja opp eit offshore-senter for bankar og føretak.

KjelderEndra

  1. Infolink Production Center (1. april 2007). «Statistical Institute of Belize». Statisticsbelize.org.bz. Henta 29. august 2010. 
  2. «World Population Prospects: The 2008 Revision Population Database». United Nations. 11. mars 2009. Arkivert frå originalen 2007-03-21. Henta 29. august 2010. 
  3. http://biological-diversity.info/Downloads/Ecosystem%20Mapping.zip
  4. Belize Population and Housing Census 2010. Country Report Arkivert 27. januar 2016 på Wayback Machine., Belmopan: Statistical Institute of Belize, 2013, s. 23.
  5. Houston, Stephen D.; Robertson, J; Stuart, D (2000). «The Language of Classic Maya Inscriptions». Current Anthropology 41 (3): 321–356. OCLC 820492061. PMID 10768879. 
  6. Bolland, Nigel. "Belize: Historical Setting". In A Country Study: Belize (Tim Merrill, editor). Library of Congress Federal Research Division (January 1992). '
  7. 7,0 7,1 Johnson, Melissa A. (oktober 2003). «The Making of Race and Place in Nineteenth-Century British Honduras». Environmental History 8 (4): 598–617. JSTOR 3985885. doi:10.2307/3985885. 
  8. Frommer's Belize by Eliot Greenspan, s. 279
  9. «Nation News 2006». Nationnews.com. 15. mai 2010. Arkivert frå originalen 2008-08-05. Henta 29. august 2010. 
  10. «ACP-EU summit 2000». Hartford-hwp.com. Henta 29. august 2010. 
  11. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 113–114.
  12. «Chapter 9: Special Section: The Caribbean», i A Comparative Atlas of Defence in Latin America and Caribbean – 2010 Edition, Buenos Aires: RESDAL, 2010, s. 116.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Belize