Bellavista bustadområde

Koordinatar: 55°46′33.46″N 12°35′23.6″E

Bellavista er eit bustadkompleks i funkisstil i Klampenborg ved København i Danmark. Komplekset er teikna av arkitekt Arne Jacobsen og vart oppført i 1934.

Bellavista.

Bygningane er eit kjent døme på funkisarkitektur og på Arne Jacobsen sine generelle evner. Han har utnytta tomta maksimalt i forhold til kommunale krav. Samtidig har han prioritert utsikt mot sundet, slik at alle einingane i komplekset har havutsikt.

Bellavista vart freda i 1987.[1]

Kjelder endre

  1. «Fredningssag / Bellavista, Strandvejen 419-433, Gentofte» (på dansk). Slots- og Kulturstyrelsen. Henta 9. januar 2017. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bellavista bustadområde
  Denne arkitekturartikkelen som har med Danmark å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.