Benedicte Agerup

Benedicte Caroline Mathilde Agerup, fødd Erbe (18. mai 184513. januar 1907) var ein norsk forfattar.[1] Ho er òg kjend under namnet Benedicte Erbe-Agerup og pseudonymet Mathilde.

Benedicte Agerup
Fødd 18. mai 1845
Brevik
Død

13. januar 1907 (61 år)

Yrke skribent

Benedicte Agerup var dotter av tollbetjent Bendix Erbe og Karen Marthine Bruun.[2] Ho vart gift den 10. februar 1868 med skipsførar Oluf Agerup i Larvik.[3]

Agerup gav ut fleire skjønnlitterære bøker under pseudonymet Mathilde i løpet av dei seinaste tiåra av 1800-talet. Hennar første bok var Sphinx – De originale Gaader, som vart utgjeven hos Malling i Kristiania. Hennar andre bok, Et aar af en ung Piges Liv, som kom ut i 1885, vart gjeven ut i i Sverige i 1887 som Ett år af en ung flickas lif.


BibliografiEndra

  • 1878: Sphinx – De originale Gaader
  • 1885: Et aar af en ung Piges Liv - en Fortælling
  • 1886: I Skumring og Daggry – Skisser
  • 1889: Mellem fremmede – Fortælling
  • 1899: To Fortællinger

KjelderEndra

  1. SAKO, Brevik kirkebøker, F/Fa/L0004: Ministerialbok nr. 4, 1814-1846, s. 322
  2. Folketelling 1865 for 0707P Larvik prestegjeld: Bosted by: 0373
  3. Ministerialbok for Larvik prestegjeld 1856-1870 (0707P): Viede: 1868-02-10

LitteraturEndra