Benedikte

kvinnenamn

Benedikte er eit kvinnenamn danna av mannsnamnet Benedikt, som kjem frå latinsk Benedictus, 'signa'.

Byste av Benedikta zur Nieden i Medellín i Colombia.

Benedikte har norsk namnedag den 8. oktober.

Andre former av namnet er Benedicte, Benedicta og Benedikta. Bénédicte og Benoîte er franske former av namnet, Benedetta den italienske og Benedita den portugisiske. Bente og Bengta er nordiske kortformer.

Bruk endre

Namnet var lite brukt på første halvdel av 1900-talet, men bruken tok til å veksa rundt 1960. Han voks til to toppar, ein på over 0,4% for Benedicte mot slutten av 1980-åra og ein på 0,25 % for Benedikte mot slutten av 1990-åra, og gjekk så raskt ned igjen. I 2009 var det 1 367 norske kvinner som heitte Benedikte og 2 633 som heitte Benedicte.

Namneberarar endre

 
Måleri av Benedikte Naubert.

Kjelder endre