Benedikte Pryneid Hansen

Benedikte Pryneid Hansen (fødd 21. august 1982) er ei norsk organisasjonskvinne og ein politisk aktivist. Ho er tidlegare leiar for Attac i Noreg. I 2017 blei ho tilsett i partiet Raudt som valkampsekretær. På landsmøtet til partiet i 2017 blei ho vald til ny partisekretær med verknad frå etter stortingsvalet same hausten.[1]

Benedikte Pryneid Hansen
Benedikte Pryneid Hansen.jpg
Fødd 21. august 1982 (40 år)
Benedikte Pryneid Hansen på Commons

Hansen kjem frå Alta, men er busett i Oslo. Ho har mellom anna delteke i solidaritetsarbeid i Brasil og studiar i Mosambik.

ReferansarEndra

  1. «Dramagaranti til Tinget», i Stavanger Aftenblad 3. april 2017.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.