Bengt Edlén (2. november 190610. februar 1993) var ein svensk fysikar og astronom.

Bengt Edlén
Bengt Edlén (cropped).jpg
Fødd2. november 1906
Gusum
Død10. februar 1993
Lund i Skåne
NasjonalitetSverige
Yrkefysikar, astronom, astrofysikar, universitetslærar
InstitusjonarLunds universitet
Alma materUppsala universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
American Academy of Arts and Sciences

Han var professor i Lund frå 1944 til 1973 og er kjent for arbeid innan spektroskopi og astrofysikk. Undersøkingane hans i 1941 av linjer i spekteret til solkoronaen, som tidlegare ikkje kunne forklarast, synte at dei stammar frå jern, nikkel og andre grunnstoff i sterkt ionisert tilstand. Etter dette må temperaturen i solkoronaen vere mykje høgare enn ein før hadde meint.

Han bidrog òg til å analysere spekteret til Wolf-Rayet-stjerner.[1][2]

Bengt Edlén (høgre) med kong Gustaf VI Adolf.

Han var medlem av Det kongelege svenske vitskapsakademiet i 1947. Bengt Edlén mottok Gullmedaljen til Royal Astronomical Society i 1945 for å ha løyst det såkalla Koronamysteriet,[3] Howard N. Potts-medaljen i 1946 for forskinga innan ekstrem ultrafiolett stråling,[4] og Henry Draper-medaljen frå National Academy of Sciences[5] i 1968.

KjelderEndra

  1. Beals, C. S. (1933). «Classification and temperaturs of Wolf-Rayet stars». The Observatory 56: 196–197. Bibcode:1933Obs....56..196B. 
  2. Swings, P. (1942). «The Spectra of Wolf-Rayet Stars and Related Objects». Astrophysical Journal 95: 112–133. Bibcode:1942ApJ....95..112S. doi:10.1086/144379. 
  3. «Winners of the Royal Astronomical Society sin gullmedalje». Royal Astronomical Society. Henta 18. august 2015. 
  4. «The Franklin Institute Awards - Laureate Search». 
  5. «Henry Draper Medal». National Academy of Sciences. Henta 18. august 2015.