Bengt Rune Strifeldt
norsk politikar
Bengt Rune Strifeldt (fødd 24. mars 1971) er ein norsk ingeniør og politikar frå Elvebakken i Alta. Han har sidan 2017 representert Finnmark og Framstegspartiet på Stortinget.
Bengt Rune Strifeldt | |||
Fødd | 24. mars 1971 (53 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Strifeldt har arbeidd som driftsingeniør i Alta kommune og Kvænangen kommune, seinare dreiv han eige firma i byggebransjen. Frå 2011 var han kommunestyremedlem i Alta, gruppeleiar for Framstegspartiet. Både ved stortingsvalet 2017 og stortingsvalet 2021 var partiet sin fyrstekandidat i Finnmark, begge gongane vald inn på Tinget. Perioden 2017-21 hadde han sete i Næringskomiteen.